Hopp til innhald

Fagstoff

Karakterane i Pulp Fiction

Karakterane i postmodernistiske filmar er ofte overflatisk skildra. Vi ser kva dei gjer, men veit ikkje kva dei tenkjer, og dei utviklar seg lite i løpet av filmen. Nesten alle karakterane er skurkar.
John Travolta og Samuel L. Jackson i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overflatiske karakterar skildra med ironi

I postmodernistiske filmar blir gjerne karakterane framstilte som overflatiske. Nesten alle karakterane i Pulp Fiction er små eller store skurkar. Vi får vite lite om det indre livet deira og tankane desse skurkane gjer seg.

Karakterane blir ofte synte fram i endelause dialogar ved hjelp av "toskot". Dette er eit brot med den vanlege måten å filme på, såkalla "shot reverse shot", dvs. at ein vekslar mellom nærbilete av dei ulike karakterane i dialogen. Men når konflikten blir trappa opp mot klimaks, blir det også her klipt mellom nærbilete. Eit eksempel er kaféscena der Jules og Vincent gjer opp med tjuvane som stal kofferten.

I denne scena høyrer vi Marsellus snakke. Først etter ca. to minutt ser vi han bakfrå.

Karakterane Marsellus (sjefen) og Mia (kona hans) blir presenterte med tydeleg distanse. Første gong Marsellus er til stades i handlinga, høyrer vi berre at han snakkar medan kamera kviler på Butch som primært lyttar i scena. Etter ca. to minutt ser vi han bakfrå (21:30–23:30).

Mia i Cadilacsete i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kule typar

Men karakterane er ikkje heilt eindimensjonale. Dei blir framstilte som småkule og til dels reflekterte. Vi får sympati med dei mest sentrale karakterane: Vincent, Jules, Butch og Mia. Men vi reagerer lite når bipersonar blir avretta eller utsette for groteske overgrep.

  • Vincent blir framstilt som ein forsiktig, snill type som er klar over at han ikkje må gå over streken med Mia. Tilfeldigvis skyt han ein type i baksetet på ein bil, og litt mindre tilfeldig ein del andre. Han er også glad i å dope seg. Han er flink til å danse, og han reddar Mia frå å døy av overdose. Rett som det er sit han på do, noko som til slutt også blir banen hans.
  • Jules er ein reflektert smågangstar som har kommandoen under skytedramaet med kofferttjuvane og på kaféen. Han siterer stadig bibelvers, primært Esekiel 25, 17. Han trur han har opplevd eit mirakel då ei kule fauk forbi rett over han. Av den grunn bestemmer han seg for å avbryte forbrytarkarrieren og forsvinn ut av filmen.
  • Mia er ei fascinerande og forførande kvinne som har laga ein pilot til ein TV-serie og drøymer om å lukkast med dette. Dessverre likar ho også å sniffe kokain.
  • Marsellus, mafiabossen, blir primært skildra med redsel og distanse. Då han blir påkøyrd av Butch, ser vi han overvinkla med hovudet nedover i biletramma. Etter dette skjer det ei dreiing i maktforholdet mellom Butch og Marsellus. Da Butch på slutten av historia reddar Marsellus etter at han er blitt valdteken og banka opp, ser vi ei meir audmjuk framtoning.
Karakteren Vincent i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helteeigenskapar

Det finst eigentleg ingen heltar i filmen, men både Butch og Vincent har visse helteeigenskapar. Vincent reddar mellom anna Mia frå å døy. Butch er kanskje den som tydelegast har eigenskapar som helt. Han blir ofte vist framanfrå i halvnære eller nære biletutsnitt.

Ved hjelp av kamerakøyring følgjer vi han bakfrå der han er på veg tilbake for å hente klokka som han er sterkt kjenslemessig knytt til.

Han trassar ordren frå Marsellus om å tape boksekampen, og utsett seg dermed for mange farar som han klarer å overvinne. I staden for å stikke av etter han har klart å komme seg laus medan Marsellus blir banka opp og valdteken, reddar han fienden sin. Deretter forlét han historia og området for å starte eit nytt liv utanfor California.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar