Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marilyn som intertekstuelt ikon

Betydninga av kunst og medietekstar blir utvida når dei låner uttrykk og innhald frå andre tekstar. Det same skjer når dei opptrer i samspel med kulturelle mytar. I denne oppgåva skal du utforske referansar til kulturelle mytar og bruke ein allusjon til ein slik myte i eigen tekstproduksjon.

Oppgåve 1

Mange omtaler Marilyn Monroe som eit ikon for vår tid. Kva blir meint med det?

Oppgåve 2

Søk etter bilete og videoar med søkjeordet "Marilyn Monroe".

Lag ein digital presentasjon der du viser korleis ulike kunst- og medieuttrykk refererer til ikoniske førestillingar om Marilyn Monroe.

Presentasjonen skal innehalde døme på ulike uttrykksformer:

  1. ein skulptur

  2. eit måleri

  3. eit grafisk kunstbilete

  4. ein graffiti eller eit veggmåleri

  5. eit artist- eller bandnamn / eit artist-image

  6. ein spelefilm

  7. ein revy

  8. ein musikkvideo

  9. ein vekebladreportasje

  10. ei melding


I presentasjonen skal du reflektere over kvifor Marilyn Monroe har blitt ein ikonisk figur, og kva betydning ho som ikon tilfører dei kunstuttrykka og medietekstane du har funne fram til.

Oppgåve 3

Lag ei medieforteljing som inneheld éin eller fleire allusjonar til ein annan kjend skikkelse som har blitt eit kulturelt ikon i vår tid. Du vel sjølv sjanger, form og innhald.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar