Hopp til innhald

Fagstoff

Skrivemal som støtte i filmanalyse

Denne skrivemalen er eit døme på korleis du kan strukturere ein skriftleg filmanalyse. Du kan bruke han når du blir beden om å analysere ein film eller eit fjernsynsdrama, utan at oppdraget er meir spesifisert.
Ei ung kvinne og ein ung mann sit i ein kinosal og noterer i eit skrivehefte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelle råd

Alle skriftlege analysar skal ha ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Kvar del bør innehalde kortare avsnitt med mellomtitlar som illustrer poenga i analysen.

I norskfaget får du gode tips til korleis du kan byggje opp eit avsnitt i ein analyse.

Vel ein film eller serie

Vel gjerne ein av desse fiksjonsfilmane som utgangspunkt for analysen:

Bruk malen for å utforske opplevinga du har av filmen

Bruk malen nedanfor til å øve deg i å strukturere ein skriftleg filmanalyse.

Skriv samanhengande i malen, og eksporter til slutt dei ulike avsnitta som eit samanhengande dokument. Dette dokumentet må du vidareutvikle og redigere i etterkant.

Problemstilling: Korleis er forteljeteknikk, dramaturgi og verkemiddel med på styre opplevinga di av filmen?

Avgrens: Formuler di eiga problemstilling innleiingsvis som hjelp til å avgrense arbeidet med utforskinga av filmen.

Ikkje alle punkta i malen vil vere like aktuelle. Det kan vere enkelte verkemiddel i ein film som er spesielt viktige. Då bør du utdjupe desse og heller utelate andre. Ein del punkt kan du gjerne slå saman og sjå i samanheng. Er det til dømes ein samanheng mellom bruk av biletutsnitt og dramaturgi? Er lyssetjinga og iscenesetjinga knytte til ein bestemd stil eller sjanger?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar