Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: Analyser ein dokumentar om kropp

Gjer ein skriftleg analyse av Margreth Olins dokumentarfilm Kroppen min. Reflekter over korleis personlege medieforteljingar bidreg til respekt for og forståing av dine eigne og andre sine tankar og kjensler.
Foto av ein ung mann som skriv på eit nettbrett. Rundt han i lufta svever det bokstavar, og i bakgrunnen er eit digitalt verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kjenner til og kan bruke mediefaglege omgrep

  • å kunne gjere greie for forteljeteknikk og verkemiddel i film

  • å kunne reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ein dokumentarfilm

  • å kunne beskrive kva som kjenneteiknar ein personleg tekst

  • å kunne reflektere over korleis medieforteljingar kan skape respekt for at menneske er ulike

Oppgåve 1: Omgrep

Forklar og kom med døme på desse omgrepa:

  • dokumentar

  • forteljarposisjon

  • dramaturgi

  • filmatiske verkemiddel

  • tekstanalyse

  • diskursanalyse

Oppgåve 2: Filmanalyse

Lag ein skriftleg analyse av Margreth Olins personlege dokumentarfilm Kroppen min (2002), som du kan sjå nedanfor.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar