Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramaturgi og karakterutvikling i reality-serien Farmen

Reality-serien Farmen har blitt send på TV 2 sidan 2001. Du skal no analysere ein sesong av denne programserien. Jobb gjerne saman to og to.
Ei gruppe kvinner og menn i fritidsklede framfor eit lite gardsbruk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I arbeidet med oppgåvene nedanfor vel du sjølv kva sesong av reality-serien Farmen du vil analysere. Du skal ikkje velje ein sesong av Farmen kjendis, for det er ein annan serie.

Her kan du sjå Farmen

Farmen kan du sjå på fjernsynssendingane til TV 2 eller på strøymetenesta TV 2 Play (krev abonnement).

Du kan lese ein presentasjon av Farmen-deltakarane hausten 2021 i artikkelen "Dette er årets Farmen-deltakere" på tv2.no.

Søk opp liknande informasjon om deltakarane i den sesongen du vel å utforske.

Oppgåve 1: Farmen som medieforteljing

  1. Beskriv kort kva som kjenneteiknar Farmen som tv-konsept.

  2. Kva likskapar og forskjellar er det mellom konsepta Farmen og Farmen kjendis?

  3. Kvifor kan vi kalle Farmen ei medieforteljing?

  4. Kva referansar har serien til historie og samfunnsliv?

Ei gruppe kvinner og menn i fritidsklede framfor eit lite gardsbruk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Dramaturgi

  1. Kva er ei episodisk medieforteljing, og korleis påverkar ei slik inndeling i Farmen?

  2. Vel ein episode. Lag eit kort resyme av handlingsgangen. Er denne handlingsgangen spesiell, eller er dette eit mønster som gjentek seg i fleire episodar i denne sesongen?

  3. Beskriv dramaturgien i både ein enkeltepisode og heile sesongen ved hjelp av ord og grafiske framstillingar (dramaturgimodellar).

Oppgåve 3: Karakterutvikling

Ta for deg nokre av deltakarane i den Farmen-sesongen du har valt å utforske.

  1. Beskriv desse deltakarane som personar. Kva styrkar og svakheiter har dei? Kva for nokre moralske eigenskapar har dei?

  2. Korleis endrar desse personane seg i løpet av den tida dei er på Farmen?

  3. Kva er det som gjer at dei endrar seg?

  4. Kva kvalitetar har den deltakaren som til slutt står igjen som vinnar av sesongen?

Oppgåve 4: Intertekstualitet

Når Farmen blir sendt på TV 2, er aviser og sosiale medium fulle av historier om intrigar, konfliktar og gryande kjærleik mellom deltakarane.

  1. Kvifor trur du det er slik?

  2. Kva funksjon har desse sideforteljingane, og på kva måte utvidar dei betydninga av Farmen som medieforteljing?

Oppgåve 5: Samanlikn reality og fiksjon

  1. Kva likskapar finn du mellom reality-serien Farmen og vanlege fiksjonsseriar på tv?

  2. Kva forskjellar finn du?

  3. Nokre kallar reality-seriar for "regissert verkelegheit". Kva trur du dei meiner med det?

  4. Diskuter med ein medelev: Er det juks dersom dei som lagar reality-serien Farmen, isceneset det som skjer?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar