Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljarperspektiv i Pulp Fiction

Synsvinkelen er forteljande, men med ein viss ironisk distanse. Av og til ser vi det som skjer, gjennom augo til Butch eller Vincent.

Forteljarperspektiv

I den klassiske filmen er idealet at forteljaren skal vere usynleg. På den måten får tilskodarane ei kjensle av at forteljinga ikkje er fortalt, men at vi er vitne til det som faktisk skjer. Historia blir formidla gjennom det karakterane seier og gjer.

Sjølv om perspektivet i Pulp Fiction stort sett er forteljande, skaper tydelege brot med tradisjonell filmteknikk ein ironisk distanse til det karakterane gjer eller blir utsette for.

Eksempel på konseptuell synsvinkel

Det hender også at vi ser det som skjer, gjennom augo til ein av personane i filmen.

Forholdet Vincent har til Mia blir formidla ved at han ser etter henne da ho går ut på toalettet (42:30), og i ein svært kort sekvens der han står og snakkar med seg sjølv på toalettet (51:17–51:28). Straks etter dette skjer det ei dreiing i konflikten fordi Mia har teke ein overdose.

Subjektivt kamera, eller konseptuell synsvinkel, blir ofte brukt for å formidle noko karakteren har opplevd tidlegare. I ein lang sekvens (60:64–68:10) får vi eit tilbakeblikk der ein offiser overleverer Butch klokka til den døde faren hans. Butch får klokka i Pulp Fiction

Tilbakeblikket er framstilt ironisk. Vi forstår meir enn tydeleg at dette er perspektivet til vesle Butch, sidan vi ser offiseren frå ein undervinkla ståstad, og at sekvensen tek svært lang tid.

Det nære forhold Butch har til klokka motiverer også den vågale avgjersla om å dra tilbake til leilegheita for å få med seg klokka, trass i at han veit at det kan vere risikabelt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar