Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Halvbroren – analyseoppgåver

Romanen Halvbroren er skriven av Lars Saabye Christensen. Seinare har det vorte laga ein TV-serie basert på romanen. I denne analysen skal du ta utgangspunkt i scener frå TV-serien.

Oppgåve 1

I anslaget til dramaserien Halvbroren møter vi dei viktigaste karakterane, og vi får glimt frå dei viktigaste konfliktane.

  1. Korleis blir hovudpersonen Barnum presentert?
  2. Kva for informasjon gir anslaget om det sjåarane har i vente?
  3. Kvifor blir det same anslaget brukt i alle episodane?
  4. Kva for hint gir forteljarrøysta om tematikken som denne dramaserien tek opp?

Oppgåve 2

I klippet over, frå avslutningssekvensen i episode 6 av dramaserien Halvbroren, møter vi karakterane Fred og Vera, og vi følgjer Fred, også kalla Håpet frå Fagerborg, på vegen frå garderoben til bokseringen.

Biletutsnitt

Lag eit biletmanus av denne sekvensen, som viser biletutsnitt, og korleis motiva er plasserte i biletet.

  1. Kva for biletutsnitt er mest brukte? Kvifor?

  2. Kva for kameravinklar er mest brukte? Kvifor?

  3. Kva blir det fokusert på i bileta? Kvifor?

Miljø

Denne scena går føre seg medan Barnum framleis er barn.

  1. Korleis kan vi sjå at dette er eit tilbakeblikk på ei hending som gjekk føre seg på 1960-talet?

Tid og klipperytme

  1. Kva kjenneteiknar klipperytmen i denne sekvensen? Kva for effekt har klipperytmen?

  2. Finn eksempel på tidsforlenging i sekvensen. Kva for verknad har dette?

Oppgåve 3

I dette klippet frå avslutningssekvensen i episode 6 tek Fred ei viktig avgjersle.

  1. Kva går denne avgjersla ut på, og kva er føremålet med det han gjer?
  2. Kva for filmatiske verkemiddel blir brukte for å få oss til å forstå tankane og kjenslene til Fred?
  3. I dette klippet møter vi to ulike forteljarperspektiv. Gjer greie for desse og for kva for funksjon perspektivendringa har i filmen.

Relatert innhald

Rekkefølgja som bileta blir viste i avgjer korleis vi oppfattar ein filmsekvens. Klipperytmen er òg eit viktig forteljarelement.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar