Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramaturgianalyse: Hva vil folk si

Hva vil folk si er ein realistisk og dramatisk film som følgjer ein tradisjonell dramaturgi. Vi kan dele inn filmen i tre hovuddelar. Du skal no analysere dramaturgien i filmen.

1. Oppgåver i dramaturgi

  1. Sjå først filmen Hva vil folk si (2017) av Iram Haq.

  2. Teikn opp den dramatiske kurva i Hollywood-modellen.
    NDLA: Hollywood-modellen

  3. Filmar som er laga etter Hollywood-modellen, har ofte ein lykkeleg slutt. Diskuter om dette gjeld for Hva vil folk si.

2. Dramaturgisk analyse

Filmar som følgjer ein tradisjonell dramaturgi, kan vi ofte dele opp i tre delar, eller akter. Du skal no gjere ein dramaturgianalyse av Hva vil folk si.

  1. Start med å plotte handlinga frå filmen inn i dramaturgikurva du har teikna.

  2. Samanlikn dramaturgikurva di med ein medelev si. Kva er likt, og kva er ulikt?

  3. Skriv ein dramaturgianalyse av Hva vil folk si med utgangspunkt i denne disposisjonen:

Del 1

Del 2

Del 3

Anslag

Vidare opptrapping av konfliktar: Nisha hos barnevernet

Etterspel: tilbake i Noreg

Introduksjon av karakterane

Vendepunkt: Nisha blir sendt til Pakistan

Løysing: Nisha skal giftast bort

Opptrapping av konfliktar: Nisha og kjærasten blir avslørt

Dramatisk topp: Nisha blir arrestert av pakistansk politi

Avrunding: Nisha rømmer

Klimaks: far og dotter på fjellet


Treng du inspirasjon? Les forslaget vårt til dramaturgianalyse av den første delen av filmen her:

Del 1

Anslaget

I anslaget blir det kryssklipt mellom to scener. Starten av filmen gir oss tydelege hint om hovudkarakterane og om hovudkonflikten av filmen. Klippeteknikken og musikken som blir brukt, skaper ei kjensle av uro og spenning.

Det er seint på kvelden og leggetid. Vi ser faren til Nisha som går gjennom rom for rom i leilegheita. Han sløkkjer lysa og sjekkar at barna søv og har det bra. Det blir klipt til den andre scena, der vi ser at Nisha spring gjennom folketomme gater som er opplyste av gatelys. Ho er på veg heim og har dårleg tid. Nisha har på seg øyredobber, sminke og ei rosa T-skjorte under boblejakka. Ho kjem seg inn på rommet sitt utan å bli oppdaga. Ho legg seg raskt under dyna med ansiktet mot veggen. Faren opnar døra og ser at ho ligg i senga. Det ser ut som om ho søv.

Sjå anslaget til filmen på NDLA.


Introduksjon av karakterane

I Hva vil folk si blir det brukt, i tråd med klassisk dramaturgi, god tid på å introdusere hovudpersonane, miljøet og konfliktane.

16 år gamle Nisha er hovudkarakteren i filmen. Nisha lever eit dobbeltliv, og dette kjem tydeleg fram tidleg i filmen. Vi ser korleis ho byter roller når ho er saman med vener, og når ho er heime hos den pakistanske familien sin. Det er òg dette som er det store problemet til Nisha. Ho lever mellom to kulturar som ikkje kjem overeins. I ungdomsgjengen er dei opptekne av mote, musikk og festing. Vi ser òg korleis Nisha og ein av gutane i gjengen flørtar og forelskar seg i kvarandre. Ingenting av dette vil vere akseptabelt for Nisha å fortelje om heime. Ho vil kaste skam over familien om dei visste korleis ho var saman med venene. Ho gjer alt ho kan for å skjule denne delen av livet. Ho finn på små løgner og snik seg ut heimanfrå på kveldstid.

Opptrapping av konfliktar

I starten av filmen verkar forholdet mellom Nisha og faren veldig godt. Faren verkar som ein varm og kjærleg far som vil det beste for dottera. Han gir henne pengar og skryter av kor flink ho er. Mora til Nisha verkar svært oppteken av kva andre i det pakistanske miljøet tenkjer om dei. På bursdagen til faren til Nisha dansar foreldra framom gjestane dei har på besøk. Dette uroar mora til Nisha på kvelden etter festen. Ho tenkjer at det ikkje sømer seg for ei kvinne å danse framom andre menn. Ein annan dag dei har besøk, får Nisha kommentarar om korleis ho går kledd av gjesten. Dette gjer at mora innstendig ber om at Nisha tek på seg ein strikkejakke over den korte t-skjorta. Redselen til mora for kva andre i det pakistanske miljøet tenkjer om dei, kan vi knyte direkte til tittelen og tematikken i filmen.

Den første dramatiske toppen av filmen er då faren til Nisha "tek henne på fersken" saman med den norske kjærasten hennar. Dette får alvorlege konsekvensar for Nisha.

Den varme faren frå byrjinga av filmen endrar seg og blir rasande og valdeleg. Han slår kjærasten til Nisha fleire gonger. Det blir så mykje bråk at naboane tilkallar politiet. Dei to verdene til Nisha møtest i denne scena på dramatisk vis, og Nisha sin "lause åtferd" blir avslørt for familien hennar.

Relatert innhald

Hva vil folk si er ein gripande og viktig film om 16 år gamle Nisha, som prøver å finne plassen sin mellom to kulturar.

Hollywood-modellen er ein mykje brukt dramaturgi med klassisk spenningsoppbygging og gjerne ein lykkeleg slutt.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Analyser film og seriar