Hopp til innhald

Fagstoff

Filmatiske verkemiddel i Pulp Fiction

Tarantino bryt medviten reglane for korleis ein fortel i film. Slik ironiserer han over og kommenterer etablerte filmklisjear. Tarantino reflekterer og ironiserer også over sjølve filmmediet, samstundes som han hyllar nostalgiske element i filmhistoria.
en tegning av Mia i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brot på etablerte normer

Quentin Tarantino har i intervju uttalt at det største førebiletet hans er filmregissøren Jean-Luc Godard. Både Godard sin film Til siste andedrag og filmen Pulp Fiction bryt mange etablerte normer for korleis ein fortel med film. Godard brukte for eksempel bevisst jump cut og aksebrot for å gjere sjåarane merksame på sjølve den filmatiske prosessen.

Mange av scenene i Pulp Fiction er sette saman av endelaust lange toskot. Filmen bryt med det med det vanlege "shot reverse shot"-prinsippet. Eit eksempel på dette er lange takingar som viser Butch i eit halvnært bilete medan Marsellus snakkar. Deretter blir Marsellus filma bakfrå.

Ironiske kommentarar

Dei mange ultranære bileta av til dømes ei sprøyte, ein lighter, dop, ein hamburgar og av klokka til Butch kan ein sjå på som ein ironisk kommentar til det som verkeleg gir livet meining for desse typane. Når vi endelig får sjå andletet til Marsellus, heng han ironisk nok med hovudet opp ned (1.31:08). Scena varslar samstundes eit vendepunkt i makttilhøvet mellom karakterane i filmen.

Den tilfeldige strukturen, endelause dialogar og tidsforlenging kan ein på same vis tolke som eit bevisst brot med det etablerte filmspråket. Det er også sjeldan vare å lage ein actionfilm eller krimfilm utan ein tydeleg helt.

Når blodet sprutar i bilscena i Pulp Fiction, etter at passasjeren i baksetet tilfeldigvis blir skoten (1.52–2.07), kan det oppfattast som ein kommentar til action- og krimfilmsjangrar, der blod enten ikkje blir vist, eller blir brukt som eit kommersielt underhaldningsverkemiddel.

Scene fra filmen Reservoir dogs der to menn sikter på hverandre med pistol.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metaperspektiv

I filmen Pulp Fiction reflekterer og ironiserer Tarantino over sjølve filmmediet, samstundes som han hyllar filmhistoria. Framheving av nostalgiske referansar i staden for ein tydeleg bodskap pregar fleire av dei filmane som blei laga på 1990-talet, filmar som ofte blir karakteriserte som postmodernistiske.

Utallige filmskaparar har late seg inspirere av Pulp Fiction. Filmen innebar eit paradigmeskifte i visuell filmforteljing. Den siste filmen til Tarantino, Django Unchained (2012), er også ein film både unge og eldre lèt seg inspirere av.

Jon Stewart interview Quentin Tarantino in 1994

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar