Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljarstruktur i Pulp Fiction

Strukturen i filmen bryt på alle måtar med klassisk dramaturgi. Han er sirkulær, fragmentarisk og ikkje-kronologisk.

Sjå offisiell trailer for Pulp Fiction på Youtube.

Tilfeldig, fragmentert og sirkulær struktur

Strukturen i filmen bryt på alle måtar med klassisk dramaturgi. Han er sirkulær, fragmentarisk og ikkje-kronologisk.
Filmen opnar og sluttar med kaféscena der vi møter småtjuvane Pumpkin og Honey Bunny. Men dette er ikkje den første eller siste sekvensen i historia.

Forteljinga om då Jules og Jim avrettar smågangstarar som har falle i unåde hjå Marsellus, er truleg det første som skjer i tida til historia. I filmen si tid blir ho framstilt i to sekvensar: "Vincent og Jules" (7:00– 21:30) og " The Bonnie Situation" (1.47:28–2.07.43). I sekvensen "The Bonnie Situation" må Jules og Vincent kvitte seg med liket av fyren dei tilfeldigvis skaut i bilen, og få reinsa bilen for blod.

Historia om Butch er den siste forteljinga i historia si tid. Ho er også formidla i to sekvensar. I første sekvensen 21:30 til 26:00 møter vi Marsellus og Butch. Sekvensen der Butch likviderer Vincent og blir fri frå Marsellus, er den siste sekvensen i den kronlogiske historia, sjølv om han blir vist ca. femti minutt før filmen sluttar.

Det er ingen tydeleg logikk og motivasjon i måten strukturen er utforma på. Dei ulike sekvensane kjem i ei tilsynelatande tilfeldig rekkefølgje. Dette er eit brot med vanleg forteljande film, der hendingane i ein sekvens gjerne byggjer på noko som har skjedd i tidlegare sekvensar. Slik ironiserer filmen over vanleg forteljeteknikk.

Strukturen understrekar bodskapen

Den tilsynelatande tilfeldige strukturen peikar mot det som kanskje er ein viktig bodskap i filmen. Verda er full av slumpetreff. Det det handlar om, er å takle det som hender på ein smart måte, slik Jules og Butch gjer.

Men dei to siste sekvensane i tida til den fortalte filmen sluttar likevel med at Butch og Jules forlèt forbrytarverda. Vincent, som vel å bli, blir sjølv drepen, og bossen Marsellus audmjuka. Moralen blir då at det er ikkje så klokt å tilhøyre den kriminelle verda, trass i at ho blir framstilt som kul og passe tilbakelent.

Til fordjuping

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar