Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verkemiddel i spelefilmen Ninjababy

Sjå den norske spelefilmen Ninjababy (2021) av Yngvild Sve Flikke. Utforsk bruken av verkemiddel og forteljeteknikkar i filmen, og vurder om det er rett å lage komedie med eit alvorleg tema.
Ei ung kvinne ligg og lener seg mot nokre puter og ein vegg mens ho noterer i ei bok. På veggen bak er det teikna ein naken baby med superheltmaske. Foto.

Før filmen

  1. Kva trur du spelefilmen Ninjababy handlar om?

  2. Sjå det første minuttet av filmen (00:00:00–00:00:56). Kva seier form og innhald i anslaget om det vi kan vente oss av resten av filmen?

Oppgåver til filmen

Les gjennom spørsmåla og filmpresentasjonen av Ninjababy før du ser filmen. Ta notat undervegs, og stopp avspelinga ved behov. Samarbeid med andre dersom du vil.

1. Dramaturgi

  1. Teikn den dramaturgiske kurva av filmen, og skriv inn overgangane i filmen. Følger dramaturgien ein typisk Hollywood-modell? Grunngi svaret.

  2. Finn du døme på dramaturgiske grep som skaper driv i forteljinga?

Filer

2. Forteljeteknikk og verkemiddel

  1. Kven fortel historia, og korleis blir ho fortald?

  2. Kva oppnår filmskaparen ved å bruke animasjon?

  3. Vurder bruken av teikneserieeffektar i filmen. Er det eit vellykka grep?

3. Filmspråket

  1. Beskriv det visuelle formspråket i filmen.

  2. Skil filmen seg ut frå andre komediar du har sett? Grunngi svaret.

4. Karakterar

  1. Beskriv dei viktigaste karakterane i filmen.

  2. Kva karakterar er dynamiske og utviklar seg i løpet av filmen? På kva måte forandrar dei seg?

  3. Kven held fram med å vere slik han eller ho alltid har vore, og kva er funksjonen til dei statiske karakterane?

5. Tema og bodskap

  1. Kva er bodskapen i filmen, og kva målgruppe trur du filmen prøver å treffe? Grunngi svaret.

  2. Kva er temaet i filmen?

  3. Synest du det var rett å lage komedie av eit alvorleg tema som ufrivillig graviditet, eller burde filmen vore laga i ein annan sjanger? Grunngi svaret.

  4. Er det egoistisk å ikkje ønske seg barn? Kva er årsaka til at Rakel vel som ho gjer?

Ein veg forma som ei filmstripe strekker seg mot horisonten. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til vidare arbeid

Gå i djupna og gjer ein grundig filmanalyse av Ninjababy. Lag ei problemstilling, eller formuler nokre hovudspørsmål som du vil finne svar på.

Moglege studiepunkt i ein filmanalyse kan vere å studere det visuelle uttrykket i filmen, utviklinga til karakterane og/eller dramaturgien.

Bruk gjerne NDLAs oppskrift på korleis du analyserer film. Du kan òg bruke denne skrivemalen som støtte i arbeidet.

Relatert innhald

Ei alfabetisk oversikt over og forklaring på dei viktigaste fagspråkuttrykka innan sjangeren spelefilm.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar