Hopp til innhald

Fagstoff

Kva handlar filmen Pulp Fiction om?

Pulp Fiction er ein brutal, svart komedie der tre ulike historier om livet i det "easy going" kriminelle miljøet i Los Angeles blir vevd inn i kvarandre. Historiene blir knytte saman av ei rammeforteljing. Alle personane har eit forhold til gangsterbossen Marsellus Wallace.
Jules og Vincent oversprøytet med blod
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre historier og ei rammeforteljing

Pulp Fiction er ein brutal, svart komedie der tre ulike historier om livet i det "easy going" kriminelle miljøet i Los Angeles blir vevd inn i kvarandre. John Travolta speler rolla som Vincent. Han og Jules er handlangarane til gangsteren Marsellus Wallace. Bruce Willis speler boksaren Butch, ein annan hovudperson i filmen. Dei tre historiene er delvis knytte saman gjennom at dei sentrale karakterane alle har eit forhold til den same gangsterbossen.

Quentin Tarantino: The Inspiration For Pulp Fiction

Den første historia

Den første historia handlar i hovudsak om korleis Jules og Vincent drar for å hente ein stolen koffert som inneheld store verdiar. Etter å ha diskutert hamburgarar og sitert ei rekke bibelvers, avrettar dei tjuvane, bortsett frå den yngste som dei tek med seg i bilen. I ein seinare sekvens, "The Bonnie situation", blir han likevel ved eit uhell skoten i bilen, som dei deretter kjapt må kvitte seg med og få reinsa for både lik og blod.

I denne scena i historie 1 har småtjuvane Pumpkin og Honey Bunny noko stort på gang:

Den andre historia

Den andre historia handlar om Vincent som har fått i oppdrag av bossen Marsellus å ta med seg kona hans, Mia (Uma Thurman), på byen. Der endar dei opp på ein 50-talsrestaurant og blir med på ein dansekonkurranse som dei vinn. Vel heime tøyser og flørtar dei. Det ligg i lufta at det kan skje noko mellom dei. Etter ein tur på toalettet, der Vincent minner seg sjølv på at ho er kona til sjefen, oppdagar han at Mia har teke ein overdose heroin. Vincent har ikkje noko val. Han må redde henne fordi ho er kona til sjefen.

I denne scena i historie 2 hentar Vincent Mia og tek henne med ut på byen:

Den tredje historia

I den tredje historia ber Marsellus den avdanka boksaren Butch Coolidge (Bruce Willis) om å tape ein fiksa boksekamp. Men Butch vinn likevel, og tek livet av konkurrenten. Butch vil flykte med kjærasten, men finn ut at han har gløymt ei kjær klokke, som han har fått i arv etter faren sin, heime. Der ventar Vincent på han. Etter eit oppgjer med Vincent køyrer han tilfeldigvis på Marsellus. Dei hamner i slåsskamp i ein butikk og blir tekne til fangar av butikkeigaren.

I denne scena i historie 3 vil Butch flykte med kjærasten, men finn ut han har gløymt klokka si heime:

Rammehistoria

Rammeforteljinga, kaféscena, utgjer både opninga og avslutninga i filmen. Her freistar dei to småtjuvane Pumpkin og Honey Bunny, som ikkje har noko forhold til Marsellus, å utføre eit ran. Men tilfeldigvis støyter dei på leigemordarane Jules og Jim.

Kaféscena utgjer både opninga og avslutninga i filmen:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar