Hopp til innhald

Fagstoff

Fagfornyinga i religion og etikk

Nye læreplanar betyr nye læremiddel og ny praksis i skulen. Her gir vi deg ei oversikt over kva som skjer på NDLA religion og etikk når den nye læreplanen blir innført.
Tre munkar lagar kunstverk av sand i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velkommen til nye NDLA religion og etikk!

Vi byrjar no å publisere utvalde emne frå det nye religion og etikk-faget som gjeld frå hausten 2022. Noko vil de kanskje kjenne igjen frå før, og noko er nytt.

Her vil vi gå nærare inn på dei seks hovudemna som vi har valt å dele faget inn i. I tillegg vil vi forklare korleis vi integrerer målet om å ta perspektivet til andre i fleire delar av faget. Vi vil òg gå gjennom korleis ein kan jobbe med dei tre tverrfaglege temaa.

Om faget religion og etikk

Emnet om faget religion og etikk vil mellom anna innehalde ein introduksjon til faget for elevane, tips til eksamen, forslag til årsplanar for lærarane og forslag til prosjektoppgåver som dekker større delar av læreplanen.

Religion og livssyn

Under religion og livssyn vil du finne fagstoff og oppgåver som tek for seg mellom anna sentrale omgrep, ulike typar religion og religionskritikk. Ei nyheit vi vil nemne her, er eit større opplegg rundt dokumentarfilmen Hail Satan?. Denne ressursen tek for seg ulike typar religionskritikk, men som også kjem inn på mange andre kompetansemål.

Du vil òg finne stoff om dei ulike religionane samla her. Dette kan brukast som ein ressursbank når ein skal samanlikne og presentere sentrale trekk ved religionane, eller når ein utforskar ulike tema knytte til religionar og livssyn.

Ei nyheit som er verd å merke seg, er at vi har samla videoar og podkastar i eigne oversikter, slik at dei skal vere lettare å finne. Vi har til dømes mange korte videoar om kristendommen som no er samla på éin stad. Av andre planlagde nyheiter under dette emnet kan vi òg nemne artiklar om japansk og kinesisk religion og artiklar om kjønn i dei ulike religionane.

Religion, kultur og samfunn

Dei nye læreplanane introduserer nye emne om korleis religion og livssyn inngår i delar av samfunnet: i media, i populærkultur, i politikk og som ein del av historiske endringsprosessar. Desse emna kan vere utgangspunkt for ein meir temabasert inngang til religionsfaget. Vi har valt å samle desse temaa under emnet religion, kultur og samfunn.

Spesielt når det gjeld religion, livssyn og populærkultur, er det gode moglegheiter for elevane til å fordjupe seg og utforske basert på eigne interesser og preferansar. Vi har laga ein guide for å analysere religion i populærkultur. For å få inspirasjon kan elevane sjå på samlinga vår av døme på religion i populærkulturen. Ein fin inngang til dette temaet er den nye filmen vår med religionsvitar Jane Skjoldli. Her viser Skjoldli døme frå butikken Outland i Oslo og besøker SpillExpo.

Religion og livssyn i media handlar mellom anna om korleis religion blir framstilt i media, og korleis det påverkar forholdet vårt til religion, anten vi er religiøse eller ikkje. Vi har mellom anna laga ein eigen artikkel om karikaturstrid og ytringsfridom med ei tilhøyrande oppgåveside.

Etikk

Elevane skal framleis kunne bruke etiske modellar og omgrep i arbeidet med etiske spørsmål, men fleire av kompetansemåla i etikk har eit større samfunnsperspektiv enn før. I tråd med fagfornyinga vil vi òg ha fagstoff om etisk argumentasjon og ulike kjelder til etisk kunnskap.

Vi vil ha eigne underemne om etiske problemstillingar som gjeld menneskeverd, verdien av naturen, rettar, diskriminering, relasjonar, seksualitet og grensesetting. I emnet verdien av naturen og berekraftig utvikling finn du artiklar om ulike filosofiske og religiøse syn på naturen. Her har vi laga interaktive oppgåver, oppgåver til ein podkast med Dag O. Hessen og meir omfattande utforskingsoppgåver.

Eksistensielle spørsmål

Filosofidelen av faget har blitt meir open. Dei gamle delane om enkeltfilosofar og tema frå filosofihistoria har blitt bytte ut. I staden skal ein jobbe med eksistensielle spørsmål og å drøfte idéen om mennesket i filosofiske tradisjonar. Dette opnar opp for at elevane i større grad kan ta utgangspunkt i spørsmål som dei sjølve er engasjerte i, og dei kan jobbe vidare ut frå det.

I første omgang publiserer vi underemnet Filosofiske tenkemåtar og omgrep. Her får ein ei innføring i kva filosofi er. Deretter kan ein jobbe med konkrete eksistensielle spørsmål. Vi har mellom anna podkastopppgåver om kriser og eksistensielle spørsmål, der vi møter Oda Eriksen som var på Utøya 22. juli, og Morten Marius Skau som vart lam frå livet og ned. Vi har òg ei anna podkastoppgåve med Jonis Josef og Einar Duenger Bøhn om meininga med livet.

Metode

Vi har valt å samle ulike beskrivingar av metodar og verktøy under eit eige metode-emne. Her legg vi vekt på tekstanalyse, observasjon, intervju- og spørjeundersøkingar og samanlikning som metode. Vi presenterer òg analyseverktøy som Ninan Smarts religionsdimensjonar og IMI-modellen, og vi gir elevane råd om korleis dei bør bruke kjelder til religionar og livssyn. Dessutan har vi ein eigen del tileigna ulike metodar for samtale og dialog.

Ta andre sitt perspektiv

I den nye læreplanen er det å kunne ta andre sitt perspektiv eit viktig mål som blir nemnt fleire stader. Vi ser på dette som noko som må gjennomsyre store delar av faget, anten ein jobbar med religionar, livssyn, etikk eller eksistensielle spørsmål. Derfor vil oppgåver ofte ha ei slik vinkling. I tillegg kjem det ein eigen læringssti om mangfaldskompetanse.

Tverrfaglege tema

Demokrati og medborgarskap er relevant i mange samanhengar i religion og etikk. Sentrale omgrep er mangfaldskompetanse, menneskerettar, rasisme og diskriminering. Det tverrfaglege opplegget vårt om rasisme kan brukast som ein introduksjon til omgrepet rasisme. I tillegg er det fleire tverrfaglege opplegg på veg i demokrati og medborgarskap som har relevans i faget. Vi har allereie nemnt læringsstien om mangfaldskompetanse. I tillegg kjem det opplegg om konspirasjonsteoriar, ekstremisme, radikalisering og ytringsfridom.

Folkehelse og livsmeistring kjem inn som eit tema i svært mange ulike delar av faget. Vi har i spesielt stor grad knytt folkehelse og livsmeistring til etiske og eksistensielle spørsmål om mellom anna inkludering, identitet, relasjonar, kjønn, seksualitet, meining og det gode livet. Desse temaa vil ein òg kunne jobbe med tverrfagleg ved hjelp av fleire av dei større tverrfaglege casane vi har laga på NDLA, til dømes i ressursane nedanfor.

Berekraftig utvikling er spesielt sentralt i faget i samband med verdien av naturen, menneskeverd og teknologiske utvikling. Fleire av dei tverrfaglege casane på NDLA om berekraft vil det vere aktuelt å samarbeide med andre fag om. Noko av det som er spesielt relevant for religion og etikk, er casar i ressursane nedanfor.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden, Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Om faget