Hopp til innhald

Fagstoff

Religion i populærkulturen – døme

Her finn du ei liste med døme på religion i populærkultur. Du kan velje deg noko frå lista som du vil undersøkje nærmare, eller la deg inspirere til å finne eigne døme.
Film-stillbilete frå filmen Life of Brian. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musikk

Lady Gaga – Judas

Både teksten og videoen til denne songen er fulle av bibelreferansar. Kanskje de kan ha ein konkurranse i klassen om kven som kan finne flest?

Judas av Lady Gaga på YouTube

Soulsaver – Revival

I videoen møter vi ein mann med utfordringar på veg til eit vekkingsmøte. Undervegs i møtet blir menneska endra. Korleis tolkar du det? Sjå gjerne tekst og video i samanheng.

Revival av Soulsaver på YouTube

Leonard Cohen – Happens to the Heart

Både teksten og videoen til denne songen har både filosofiske og religiøse referansar.

Happens to the Heart av Leonard Cohen på Vimeo

Lil Nas X – Montero (Call Me By Your Name)

Her finst referansar til Mosebøkene si skapingssoge i både tekst og video, men det er òg mange andre referansar å ta tak i. Kva trur du artisten vil seie med å bruke bibelreferansar? Her kan det vere ein idé å sjå på bakgrunnen hans.

Montero (Call Me By Your Name) av Lil Nas X på YouTube

Omtrent samtidig gav artisten ut "Satansko", 666 i talet, med menneskeblod i solen og bibelreferansar (Luk. 10,18) på skoen.

Les meir: Lil Nas X i sko-kontrovers på VG

Karpe – Rigveda 10.90

I songen "Rigveda 10.90" frå albumet Rett fra hjertet (2006) blir kastesystemet i India kritisert. For å forstå songen skikkeleg er det viktig å ha forståing for referansane til hinduismen.

Mona Haydar (ft. Jackie Cruz) – Hijabi

Mona Haydar er amerikansk rappar og aktivist. Songen "Hijabi" handlar om stoltheit og identitet knytt til bruk av hijab, og om fordommar kvinner med hijab møter i Vesten. Songen "Dog" er om overgrep mot kvinner, men han inneheld òg ein del referansar til religion.

Dog av Mona Haydar på Vimeo

Sami Yusuf – The 99 Names

I songen går Yusuf gjennom alle Allahs 99 namn. Mykje av musikken til Yusuf handlar om tru. Diskusjonen om det er tillate med musikk i islam, har likevel gjort han omdiskutert i somme miljø. Sjå òg The Praised Ones som er påverka av sufitradisjonen.

The 99 Names av Sami Yusuf på YouTube

The Praised One av Sami Yusuf på YouTube

Yusuf Islam (tidl. Cat Stevens) – A is for Allah

Dette er ein song berekna for å lære barn om islam. Den populære artisten Zain Bhikha har òg gjort ein versjon. Bhikha framfører songen med trommer og andre songarar og unngår derfor instrumentforbodet somme meiner vi finn i islam.

A is for Allah av Yosuf Islam på YouTube

Joik

Kjende artistar som Mari Boine, Inga Juuso, Transjoik og ISÁK er formidlarar av joik. Joik har tidlegare vore knytt til førkristen samisk religion, som musikk forbunden med mellom anna rituala til sjamanen. Han er ein sentral del av samisk kulturarv og finst i fleire former. Det er òg mogleg å joike historier, personar og stader. Det har vore nokre utfordringar når det gjeld rettar til bruk av tradisjonelle joikar i populærkulturelle samanhengar.

Sjå artikkelen om joik hos Store norske leksikon

Buddhismen

Buddhistforbundet har samla fleire songar på sine sider – mellom anna ein song om Poson-høgtida framført av srilankiske Sanuka Wickramasinhe. Teksten er omsett.

Song om Poson-høgtida på Buddhistforbundet

Metall

Mange band innanfor dei ulike metallsjangrane bruker element frå religionar. Sjå gjerne korleis til dømes band som Ghost, Mayhem og Dimmu Borgir tek i bruk element frå både levande og "døde" religionar i bilete, kostyme, videoar og tekst.

Radioinnslag på Studio 2, P2: Det svenske musikkfenomenet Ghost

Svartkledd mann med pavehatt, dødssminke og bispestav med opp-ned-kors. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikneseriar

The 99

The 99 er ein teikneserie basert på Allahs 99 eigenskapar. I 2010 blei det laga ein serie der heltane frå The 99 slo seg saman med The Justice League of America for å redde verda.

TED Talk med skaparen av serien (på engelsk). Klipp frå teikneserien frå 11.00.

Les artikkelen "Muslimske superhelter i tegnefilm" på NRK

Pokémon

Pokémon er inspirert av shintoisme. Fleire av dei vi møter, representerer ulike kamiar (gudar) og yokaier (ånder).

YouTube-kanalen Religion For Breakfast gir ein introduksjon i denne episoden: How Japanese Religion Influenced Pokémon på YouTube (engelsk).

Valhall

Den danske teikneserieteiknaren Peter Madsen har teikna serienValhall. Her finn du mange forteljingar frå norrøn mytologi som til dømes: "Historia om Iduns gylne eple", og "Kva som skjedde då Loke drap Balder". Peter Madsen har òg teikna Menneskesønnen – ei historie om Jesus basert på dei fire evangelia.

Forteljingar (bøker, filmar, TV-seriar og spel)

Margareth Atwood – A Handmaid's Tale (Tjenerinnens beretning)

Boka, og TV-serien som blei laga seinare, handlar om eit dystopisk samfunn der religion blir brukt som grunngiving for undertrykking.

Trailer for sesong 1 av TV-serien på Vimeo

Intervju med Margareth Atwood om innhaldet i boka på Vimeo (engelsk)

Matrix

Filmserien om Neo kan tolkast ut frå fleire religiøse tradisjonar. Blir Neo ein slags Messiasfigur idet han står opp igjen? (kristendommen). Er verda vi lever i ein illusjon? (hinduismen). Lever Neo i ein tilstand av vankunne, og er denne vankunna ei liding? Morpheus jobbar med Neo for at han skal få den rette innsikta (buddhismen).

Vi finn òg populærkulturelle referansar som til dømes Alice in Wonderland og The Wizard of Oz, som igjen kan studerast frå eit religionsfagleg utgangspunkt.

Trailer til The Matrix Resurrections (2021) på YouTube

Rick Riordan

Forfattaren Rick Riordan har skrive bok-seriar baserte på gresk, romersk, egyptisk og norrøn mytologi. Somme av dei han skreiv om Percy Jackson ut frå gresk mytologi, er òg filmatiserte.

Gut med sverd. Flammar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marvel og norrøn mytologi

I fleire av Marvels seriar finn vi element tekne frå norrøn mytologi. Tor med hammaren har eigne filmar: Thor (2011), Thor: The Dark World (2013), Thor: Ragnarok (2017) og Thor: Love and Thunder (2022). I 2021 kom det ut ein eigen serie om Loke: Loki. I tillegg finn vi både Tor (Thor) og Loke (Loki) i Avengerfilmane. I filmane finn vi òg andre karakterar og element tekne frå den norrøne mytologien, som Heimdal, Mjølner og Bifrost.

Her har det òg vore ein spennande diskusjon om opphavsrett. Bør Disney kunne eige rettane til norrøne gudar?

Skrekkfilmar

Her ser vi gjerne religion brukt med motsett forteikn. I Midnight Mass (2021) er det noko med den nye presten på øya. Bibelen blir her brukt for å unnskylde det dei aller fleste kristne vil finne problematisk – i beste fall. I klassikarane Eksorsisten (1973) og The Omen (1976) ser vi korleis det vonde bruker barn for å komme seg fram i verda.

Life of Brian

I Monty Pythons film Life of Brian (Profeten Brians liv og historie) (1979) kan vi finne mange parallellar mellom liva til Jesus og profeten Brian. Filmen blir sett på som ein kritikk av politisk radikale venstrerørsler og religiøse fanatikarar, men blei i si tid forboden å vise i Noreg fordi han blei rekna som .

Disco

Filmen handlar om Mirjam som etter ein kollaps går gjennom forholdet sitt til Gud ved å oppsøkje andre kristne forsamlingar.

Her kan du sjå filmen Disco på NDLA film.

Religiøse skikkelsar på film

Kundun (1997) er ein film basert på etterlatne skrifter og livet til den 14. Dalai Lama. I filmen Little Buddha (1993) følgjer vi ein annan gut som blir vurdert som den neste Dalai Lama. Vi får òg historia til Siddharta Gautama og hans veg til oppvakning.

Det finst fleire filmar som fortel om Moses. I dag er nok den mest kjende Prinsen av Egypt (1998). Også Jesus blir framstilt i fleire filmar. The Passion of the Christ (2004), Jesu siste fristelse (1988) og Son of God (2014) er døme. Mary Magdalene (2018) hevdar å fortelje den sanne historia om den bibelske skikkelsen med same namn.

I 2015 kom storfilmen Muhammad: The Messenger of God. Vi følgjer profeten gjennom dei 12 første åra hans. Filmen er filma slik at han ikkje viser ansiktet til profeten.

Fantasy-seriar

Seriane om Harry Potter, Narnia og Ringenes herre har alle aspekt ved seg som kan passe inn i fleire religiøse tradisjonar. Sentralt står kampen mellom det gode og det vonde, og det er ikkje vanskeleg å identifisere frelsesskikkelsar. Alle tre forfattarane har uttalt at dei reknar seg som kristne.

Både Tolkien og Lewis, forfattarar av høvesvis Ringenes herre og bøkene om Narnia, har sjølv sett bøkene sine inn i ein kristen kontekst.

Blant kristne og muslimar er det tilhengjarar av Harry Potter som meiner at dei følgjer verdiane i religionane. Andre meiner at innslag av magi og okkultisme gjer at truande bør halde seg borte frå denne typen litteratur.

Assasin's Creed – Valhalla

Spelet hevdar å vise gammal norrøn religion, men som Jane Skjoldli seier i introduksjonsvideoen "Religion og populærkultur", snakkar vi kanskje heller om norrønsinspirert moderne nypaganisme. I spelet finst òg referansar til kristendommen når vikingane er ute og plyndrar kyrkjer og kloster i Storbritannia.

Trailer til spelet Assassin's Creed Valhalla på YouTube

God of War: Ragnarok

I dette spelet følgjer vi far og son som skal prøve å stoppe Ragnarok. Gjennom spelet møter, samarbeider og slost dei mellom anna med norrøne gudar.

Trailer til spelet God of War Ragnarok på YouTube

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 30.12.2021

Læringsressursar

Religion og populærkultur