Hopp til innhald

Fagstoff

Religion og populærkultur – ei oversikt

Religion og populærkultur kan opplevast som to svært ulike verder. Kva skjer når dei møtest? Og kvifor er det interessant å studere desse møta i religionsfaget?
Illustrasjon som viser desse personar, dyr og ting: eit stort tre som det heng eitt einsleg eple på; ein slange som snor seg rundt ei grein; ein gullring; ein mann som held opp ein hammar som sprutar gneistar; ein mann med hjelm på hovudet, iført ei lang, mørk kappe; ein person som flyg gjennom lufta, sittande på eit kosteskaft, ein flygande skapnad med vengar, ei kvinne iført eit stort raudt hovudplagg og ei lang raud kappe, ein hest med åtte bein.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Tenk på filmar, bøker, interiørgjenstandar, reklameannonsar, musikkstykke og dataspel du har vore borti i det siste. Kan religion ha vore ei inspirasjonskjelde til nokre av dei?

Medialisering av religion

Religion har alltid blitt formidla gjennom forteljingar, bilete, songar og tekstar. I vår tid ser vi at media serverer oss religion og religiøsitet i mange og nye former, og at dei ofte gjer dette på eigne premissar. Religion kan få preg av å vere underhaldning og forbruksvare, og kvar enkelt vel innhaldet hen er interessert i. Det er altså ikkje lenger berre familien og dei tradisjonelle institusjonane som avgjer korleis religion og moral blir framstilte – media og populærkulturen har i dag teke over delar av denne rolla. Denne prosessen kallar vi medialisering av religion.

Statistikken seier at vi over tid har blitt mindre aktive i tradisjonelle, organiserte trussamfunn. I dag blir mange kjende med religion først og fremst gjennom populærkulturen. For å bli kjend med religionsmangfaldet i vår tid, er det derfor òg viktig å sjå på korleis religion blir framstilt i populærkulturen.

Kva er populærkultur? Og kva er religion?

Det som karakteriserer populærkulturen, er at han skal nå ut til massane, og at han stort sett er kommersiell: Nokon skal tene pengar på han. Ofte er det ungdommen som har best oversikt over siste nytt innan populærkulturen.

Når vi jobbar med religion i populærkultur, ser vi på religion på ein noko annan måte enn når vi studerer tradisjonell religion. Vi jobbar framleis med religiøse uttrykk, men det er likevel annleis å studere religion i populærkultur enn til dømes å studere ritar i Den norske kyrkja eller å undersøke synet på Gud i hinduismen. Då må vi finne ein definisjon på religion som dekker feltet vi jobbar med.

Tradisjonelt blir religion til dømes definert som "møtet med det heilage" (Rudolf Otto) eller som "tru på Gud eller gudar", men desse definisjonane dekker i liten grad det som er meint med religion i populærkultur. Vi skal derfor sjå på to forslag frå norske forskarar som har jobba mykje med religion i populærkultur:

  • Ingvild Sælid Gilhus og Lisbeth Mikaelsson (2014) definerer religion som "kommunikasjon om og med , overmenneskelige vesener" (Gilhus, 2014, s. 10).

  • Dag Øistein Endsjø og Liv Ingeborg Lied (2011) forstår religion som "et av forestillinger, handlinger, symboler og fortellinger som bidrar til at kulturelle uttrykk og ytringer plasseres i en sammenheng" ( s. 18).

Den første definisjonen fokuserer på at karakterane i ein film, ein song, eit spel osb. kommuniserer om og med tenkte, overmenneskelege vesen. I ein film vil ein då til dømes kunne studere korleis karakterane omtaler eit overmenneskeleg vesen, og korleis dei kommuniserer med dette vesenet.

Den andre definisjonen beskriv i større grad kva kommunikasjonen kan bestå i, og kva funksjon dei ulike førestillingane, symbola, handlingane og forteljingane i eit populærkulturelt verk har: Dei er med på å sette personar og hendingar inn i ein kosmisk, altomfattande samanheng. Dei hjelper oss til å forstå korleis menneska, verda og universet heng saman i ei tenkt, populærkulturell verd.

I religionsvitskapen studerer ein religion og populærkultur frå eit tydeleg utanfråperspektiv. Det vil seie at forskarane beskriv populærkulturelle fenomen, men dei tek ikkje stilling til kva som er sant og rett i religiøs forstand.

Kvifor blir religion brukt i populærkulturen?

Det kan vere mange gode svar på dette spørsmålet. Endsjø og Lied (2011) peiker på tre hovudgrunnar:

  • Dei tradisjonelle religiøse forteljingane har handlingsmønster som lett kan danne grunnlag for nye forteljingar. Det kan vere forteljingar om kjærleik og svik, om heltedådar eller om kampen mellom det gode og det vonde.

  • Religion gir òg innhald til historier der kjensler og fascinasjon speler ei sentral rolle. I katastrofefilmar til dømes ser vi korleis ein i møte med store kriser kan finne ut kva som er det aller viktigaste i livet. I møtet med apokalypsen ser ein korleis familie, vennskap og omsorg for andre blir det som verkeleg tel.

  • Religiøse forteljingar kan gå imot vanleg, etablert logikk – til dømes kan ei jomfru bli gravid, eller havet kan dele seg. Forteljingane kan òg romme overnaturlege vesen som monster, fabeldyr, englar og demonar, og derfor fungerer dei godt som inspirasjonskjelder til nye vesen eller forteljingar. I filmar, tv-seriar og dataspel er overnaturlege vesen noko som kan skape både attkjenning og overrasking.

Tenk etter

Kom du på fleire døme på religion i populærkultur mens du las skildringane over?

Bruk av religion i eit populærkulturelt verk

Ringdrotten (Ringenes herre) er ein roman av J.R.R. Tolkien som også har blitt filmatisert. Tolkien brukte flittig religiøse motiv i romanen og skapte eit fantasy-univers fullt av magi, fantastiske skapningar, heltar og skurkar. Det som driv historia framover, er kampen mellom det gode og det vonde. Du kan sjå eit klipp frå filmserien under.

Korleis blir religion brukt i populærkultur?

Religion og populærkultur kan møtast på fleire måtar. Nokre forfattarar bruker heilt tydelege referansar til etablerte religiøse tradisjonar. Rick Riordan viser til dømes tydeleg til gresk, romersk og norrøn mytologi i romanane sine, og i den dystopiske romanen A Handmaid's Tale av Margaret Atwood er det brukt tekstar henta frå Bibelen.

Men sjølv om det er tydeleg kvar det religiøse innhaldet er henta frå, har begge forfattarane endra konteksten det blir brukt i. Atwood har teke tekstar frå Bibelen, og ho hevdar at alt som ho beskriv i romanen, har skjedd ein stad i verda, men det betyr likevel ikkje at hendingane i boka er knytte til kristendommen som vi kjenner han. Riordan på si side bruker element frå mytologiane og diktar vidare på dei. Hovudpersonane hans er til dømes "ukjende barn" av kjende gudar.

Englar er eit døme på overnaturlege vesen frå tradisjonelle religionar som er mykje brukte i populærkulturen. I både kristen og muslimsk kunst finst det ein rik bilettradisjon som framstiller englar. Samtidig ser vi englar i bruk som pynt i heimane til folk, som glansbilete, som ledd i kurs og terapiar, som figurar i reklame og som sentrale aktørar i filmar og seriar. Vår eiga oppfatning av englar er sannsynlegvis farga av både dei religiøse og dei populærkulturelle framstillingane.

Populærkulturelle verk kan òg vise til kosmiske samanhengar som ikkje er tekne direkte frå religionar, men som likevel kan ha eit preg av religiøsitet. Filmen Avatar med sin økospirituelle bodskap kan vere eit døme på dette. Økospiritualitet handlar om at naturen blir rekna som heilag, og at forholdet mellom menneske og natur bør spegle det guddommelege i verda.

Ein mann med blå hud og ein stokk i hendene går gjennom eit jungellandskap. Planter og buskar når han heilt opp til hofta. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I filmen er handlinga lagd til månen Pandora. Innbyggarane på Pandora, na'viane, har tette band til alt levande rundt seg, og religionsutøvinga deira er tett knytt til naturen. Livet på Pandora er i balanse. Menneska derimot har øydelagt jorda ved å tømme ho for alle ressursane, og no er dei på veg for å utnytte ressursane på Pandora.

Nokre meiner at denne filmen kan sjåast på som eit uttrykk for ein veksande og global "grøn religion", ein trend mot at vi i større grad jobbar saman for å redde jorda vår. Fanskaren som Avatar har fått i ettertid, gjer iallfall filmen til eit døme på korleis populærkultur kan forme om og formidle religiøsitet.

Når populærkultur blir religion

Vi ser òg døme på at populærkulturelle fenomen kan utvikle seg til religion. Mange har høyrt om jediisme, som hentar idégrunnlaget sitt frå Star Wars-universet til George Lucas, men der finst òg ein godt utvikla Tolkien-spiritualitet basert på bøkene til Tolkien, særleg Ringdrotten (Ringenes herre) og Silmarillion.

Fandom er ein annan del av populærkulturen som grensar tett opp til religion. Fans kan vere tilhengarar av alt frå artistar til fotballklubbar. Her er der gjerne kjensla av fellesskap og ekstase i møte med idola som blir trekt fram. Vi ser òg at det kan oppstå ein slags kult etter kjende personar. Eit døme på dette kan vere Iglesia Maradoniana (Maradona-kyrkja), starta som ein gag av tre argentinske fans av den legendariske argentinske fotballspelaren Diego Maradona i 1998. Påfunnet deira vart kjent og populært, og talet på medlemmar auka. "Kyrkja" har til dømes sine eigne ti bod – som sjølvsagt handlar om fotball og om Maradona.

Menn i kvite kjortlar med ei julekrybbe der det er plassert ein figur av fotballspelaren Diego Maradona, ikledd drakta til det argentinske fotballandslaget. Ved sida av han ein knelande engel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjensidig påverknad

Som vi har sett, blir religion både skapt og forma om gjennom populærkulturen. Vi ser at element frå tradisjonelle religionar blir brukte, men ofte på ein ny måte og i ein annan kontekst. Det kan føre til nyskaping av religion.

Når religiøse forteljingar og symbol blir brukte i populærkulturen, kan dette òg verke tilbake på dei tradisjonelle religionane og føre til at dei endrar seg. Dei populære førjulskonsertane er eit godt døme på korleis populærkulturen har komme inn i kyrkjene. Desse konsertane er eit døme på at endringane kan tene både populærkultur og trussamfunn.

Fordjupingsstoff

ReligionsOraklene, ei gruppe religionsforskarar frå Universitetet i Bergen, har laga spennande artiklar og videoar om religion i populærkulturen, til dømes desse to:

Video med Markus A. Davidsen: Hva skal til for at Fantasy blir religion?

Video med professor Trine Anker: Hva har fandom med religion å gjøre?

Kjelder

Anker, T. (2019). Hva har fandom med religion å gjøre? Religionsoraklene. https://religionsoraklene.no/hva-har-fandom-med-religion-a-gjore/

Botvar, P. K. & Schmidt, U. (Red.). (2014). Religion i dagens Norge. Mellom sekularisering og sakralisering. Universitetsforlaget.

Bøe, M. H. & Kalvig, A. (2020). Mennesker, meninger, makter. En introduksjon til religionsvitenskap. Cappelen Damm Akademisk.

Endsjø, D. Ø. & Lied, I. (2011). Det folket vi ha. Religion og populærkultur. Universitetsforlaget.

Gilhus, I. S. (2014). Medialisering og refortrylling. Religiøs endring i Norge. I Din. Tidsskrift for religion og kultur, Nr 1 (2014), 9–26.

Lomsdalen, C. (Programleiar). (2019, 8. oktober). Lektor Lomsdalens innfall [Audiopodkast]. https://lektorlomsdalen.no/2019/10/ll-180-sissel-undheim-om-populaerkultur-i-religionsfaget/

Penguin Books. (2019, 19. september) Margaret Atwood on the real-life events that inspired The Handmaid's Tale and The Testaments. https://www.penguin.co.uk/articles/2019/sep/margaret-atwood-handmaids-tale-testaments-real-life-inspiration.html

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Religion og populærkultur