Analyse av religion i populærkultur
Tips
Før du byrjar å analysere religion i populærkultur, kan det vere lurt å lese gjennom artikkelen "Religion og populærkultur – ei oversikt".
Synest du det er vanskeleg å finne døme, kan du bruke lista i artikkelen "Religion i populærkulturen – døme" som inspirasjon. Men det kan vere endå meir spennande å finne eigne døme innanfor sjangrar du sjølv liker.
Når du skal jobbe med dette emnet, er det mest sentrale
å kunne identifisere religion i populærkulturelle uttrykk og grunngi kvifor dei er innanfor definisjonen av religion/religiøsitet
å kunne forklare kva funksjon det religiøse innhaldet har i samanhengen du har funne det
For å finne gode svar her bør du sjekke idéane dine opp mot kjelder som kan stadfeste eller avkrefte dei. Kjeldene bør seie noko om bakgrunnen til dei som har laga det du skal analysere. Det kan òg vere å sjekke korleis religionar tek omsyn til uttrykka eller å lese seg opp på religiøse forteljingar og tradisjonar.
Viss du ønskjer meir hjelp, kan du sjå på analysehjelpa under.