Hopp til innhald
Oppgåve

Filmoppgåve: Disco

I filmen Disco møter vi ei ung jente som er aktiv i ei fiktiv frikyrkje. Etter ein kollaps oppsøkjer ho ei meir ekstrem forsamling. Kan denne filmen fortelje oss noko om enkelte kristne forsamlingar?

Sjå filmen og jobb med éin eller fleire av oppgåvene:

1. Analyser filmen som "religion i populærkultur"

Bruk analyseverktøyet Analyse av religion i populærkultur til å analysere filmen. Sjå spesielt på korleis religion blir framstilt og/eller brukt som verkemiddel.

Det kan òg vere spennande å ta tak i andre element i filmen, til dømes retorikken i talar og relasjonar.

2. Samanlikning

  1. I filmen møter vi tre fiktive kristne grupper: Friheten, Norges Visjonære og forsamlinga til pastor Samuel og Birgitte. Samanlikn dei tre forsamlingane. Du kan til dømes sjå på bruken av musikk og multimedia, taler, korleis dei ulike forsamlingane møter nye medlemmar, og korleis dei tener pengar.

  2. Somme vil seie at det er parallellar mellom den fiktive forsamlinga Friheten og den verkelege forsamlinga Hillsong. Under finn du eit klipp som viser høgdepunkta frå ein Hillsong-konferanse. Sjå klippet og reflekter over

  • likskapar og forskjellar i bruk av verkemiddel hos Hillsong og Friheten

  • kvifor forsamlingane bruker desse verkemidla

3. Religionskritikk

  1. Filmen framstiller både positive og negative sider med forsamlingslivet i Friheten. Lag ei eiga liste med tre positive og tre negative sider.

  2. Samanlikn med listene til andre. Er de einige? Viss ikkje – kva kan årsakene vere til det?

  3. På kva måtar vil du seie at det finst negativ sosial kontroll i forsamlingane som er skildra i filmen?

  4. Det er ulike meiningar om kor realistisk filmen er. Diskuter korleis fiksjonsfilmar som Disco kan påverke samfunnet sitt syn på ulike trussamfunn.

  5. Filmen er basert på historiene til avhopparar frå ulike forsamlingar. Tenk gjennom og diskuter fordelar og ulemper med å bruke avhopparar som kjelder.

4. Vidare arbeid: negativ sosial kontroll

I filmen ser vi nokre døme på negativ sosial kontroll.

  1. Kvifor trur du det kan utvikle seg negativ sosial kontroll i enkelte religiøse miljø?

  2. Kva kan vi som samfunn gjere for å forhindre eller førebyggje negativ sosial kontroll utan at det går ut over religionsfridommen?

Les meir om filmen her: