Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til film om religion i populærkultur

Korleis blir religion brukt i populærkultur? I denne filmen viser religionsvitar Jane Skjoldli oss fleire døme. Sjå filmen og jobb med oppgåvene under.

Oppgåve 1. Repeter

  1. Kvifor blir det henta så mange helte- og skurkeroller og anna innhald frå tidlege religionar?

  2. Kva seier Jane om å selje religion som populærkultur?

  3. Kva døme veit du om der populærkultur har danna grunnlag for nye religionar? Finst det òg inspirasjon frå andre religionar i dei?

  4. Kva for religiøse referansar seier Jane at vi finn i Matrix?

  5. Kva element av religion bruker paranormal mest i spela sine?

  6. Korleis kan vi ifølgje Jane bruke populærkulturen til å lage vår eigen religion eller spiritualitet?

Oppgåve 2. Utforsk

  1. Jane seier at kampen mellom det gode og det vonde er ein måte vi kan sjå religion på i populærkultur. Finn forteljingar frå ulike religionar som handlar om denne kampen.

  2. I filmen blir Yoda frå Star Wars trekt fram som ein som er opphavet til mange ordtak. Kjenner du uttrykk vi bruker i daglegtalen som har religiøst opphav? Du kan finne hjelp i denne artikkelen om ord og uttrykk frå Bibelen i Nordlys.

  3. Frelsesskikkelsar blir trekt fram som noko vi finn i mange religionar. Kristendommen har Jesus, men kven er frelsesskikkelsane i dei religionane som blir nemnde?

Oppgåve 3. Reflekter

  1. Jane seier at det i utgangspunktet ikkje er nokon forskjell på å leve seg inn i ei verd du skaper med venene dine gjennom Dungeons and Dragons og det å gå til nattverd eller å be med bønegruppa di. Diskuter kva det betyr frå ein fagleg ståstad.

  2. I filmen blir det sagt at religion i populærkultur ofte blir framstilt med eit kritisk blikk.

  • Kva kan det gjere med forståinga vår av religion?

  • Kan du finne døme på at religion blir framstilt positivt?

  1. Kvifor bør vi tenkje litt annleis når vi bruker sentrale skikkelsar frå aktive religionar enn frå religionar dei fleste reknar om utdøydde?

  2. Jane seier at dei i Assasin's creed sel "norrønsinspirert moderne nypaganisme" som norrøn religion.

  • Kva betyr eigentleg "norrønsinspirert moderne nypaganisme"? Og kan de finne forskjellar mellom dei to religionane?

  • Kva kan denne typen feilframstillingar i populærkultur gjere med forståinga vår av religionar?

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022

Læringsressursar

Religion og populærkultur