Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Halloween og religion

Halloween er i dag ein del av den norske populærkulturen. Men det er kanskje ikkje så mange som er klar over den religiøse bakgrunnen til denne tradisjonen.
Halloween. Graskar med utskore ansikt. I bakgrunnen er haustblad i gult og brunt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvart år bruker nordmenn hundrevis av millionar kroner på kostyme, godteri, graskar og andre ting som høyrer heime i halloween-feiringa. Handlar halloween om meir enn pengar, fest, godteri og skumle kostyme? Her skal du utforske dei religiøse røtene til halloween. Då må du leite i både kristendommen og før-kristen europeisk religion.

Utforsk

Bruk gode kjelder på nett eller i bøker for å finne svar:

  1. Kva betyr halloween?

  2. Når blei halloween-feiring vanleg i Noreg?

  3. Kvar kom dagens norske halloween-tradisjonar frå?

  4. Finn informasjon om følgande religiøse ritual og høgtider og finn ut kva for ei religiøs betydning dei har eller har hatt:

    • allehelgensaftan

    • allehelgensdag

    • allesjelersdag

    • karneval

    • samhain

    • vetrnætr

  5. Kva element frå desse rituala og høgtidene finn vi igjen i dagens halloween-feiring? Prøv å finne opphavet til tradisjonar som utkledning, "knask eller knep" og pynting med graskarlykter, spøkelse, skjelett og andre skumle ting.

  6. Korleis stiller Den norske kyrkja og den katolske kyrkja seg til dagens halloween-feiring?

  7. Undersøk kva religionssynkretisme er. På kva måte kan halloween vere eit døme på dette?

  8. Undersøk kva sekularisering er. På kva måte kan halloween vere eit døme på dette?

Diskuter

  1. Kvifor trur de halloween-feiringa er så populær?

  2. Halloween-feiringa blir kritisert av mange som meiner ho ikkje er ein norsk tradisjon, og at det er kommersielle krefter som står bak. Kva tenkjer de om det?

  3. Kvifor har dei religiøse aspekta ved feiringa i stor grad forsvunne, trur de?

  4. Har de døme på andre religiøse høgtider eller ritual som har hatt ei liknande utvikling?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2022

Læringsressursar

Religion og populærkultur