Hopp til innhald
Spelefilm

Disco

Disco (2019) er regissert av Jorunn Myklebust Syversen. Hovudkarakteren av filmen, Mirjam, blir spelt av Josefine Frida, som tidlegare har gjort seg merka i rolla som Noora frå SKAM. Etter at ho kollapsar når ho skal opptre i disco-VM, byrjar Mirjam å stille spørsmål ved forholdet sitt til Gud.

Om filmen

Livet til 19 år gamle Mirjam verkar tilsynelatande heilt perfekt. Ho er aktiv i ungdomsgruppa til det kristne trussamfunnet Friheten. Ho er òg regjerande verdsmeister i freestyle-disiplinen disco.

Mirjams perfekte fasade byrjar etter kvart å slå sprekkar. Når ho skal opptre i freestyle-VM, kollapsar ho midt under framføringa.

Etter VM får Mirjam det vanskelegare. Ho opplever tvil og byrjar å stille spørsmål ved si eiga tru. Frå trussamfunnet, og frå familien, får ho høyre at svaret på alle spørsmåla er å tru meir og betre.

Mirjam bestemmer seg for å oppsøkje eit nytt, og strengare, trussamfunn. Kanskje ho finn svara ho søkjar der?

CC BY-SA 4.0Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021