Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til årsplanar

Her finn du ulike forslag til korleis du kan leggje opp året i religion og etikk.
Lærar og elevar i klasserom. Fire elevar sit rundt eit skrivebord. Læraren står og observerer dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den nye læreplanen i religion og etikk opnar opp for mange ulike måtar å undervise i faget på. For å gi lærarar og elevar ulike valmoglegheiter har vi i NDLA religion og etikk laga mykje meir fagstoff og mange fleire oppgåver enn det er mogleg å komme gjennom i løpet av eit skuleår. Du må derfor gjere eit utval. Ved hjelp av desse forslaga til årsplanar har du moglegheit til å gjere eit slikt utval. Her finn du også ulike måtar å kople saman fagstoffet på og ulike arbeidsmåtar og vurderingsformer. Årsplanane kan lastast ned og redigerast. Ei moglegheit er å plukke frå fleire av årsplanane og setje saman sin eigen.

Innhald som ikkje har lenkjer, er ikkje publisert enno. Dette vil bli publisert før skulestart eller kort tid etter.

Prosjektbasert årsplan

I denne årsplanen er året delt inn i ulike bolkar som vekslar mellom felles undervisning i klassen og periodar med sjølvstendig arbeid – åleine eller i grupper. Tanken er at elevane skal opparbeide seg kunnskap og trene på ulike ferdigheiter i periodane med felles arbeid, for så å bruke det dei har lært i bolkane med meir sjølvstendig arbeid. Det sjølvstendige arbeidet kan ende i ein vurderingssituasjon. Året blir avslutta med eit større prosjekt som skal vise kompetanse frå store delar av faget. Saman med ein fagsamtale kan prosjektet danne mykje av grunnlaget for standpunktkarakteren.

Filer

Årsplan om store spørsmål

I denne årsplanen er året delt inn i ulike bolkar basert på store spørsmål. Det er til dømes spørsmål som korleis vi bør leve, kor verda kjem frå, og kva eit menneske er. Tanken er at elevane skal utforske desse spørsmåla ved hjelp av eigne refleksjonar og ved hjelp av kunnskap om religionar, livssyn og filosofi. Spørsmåla fungerer som ei engasjerande ramme for arbeidet med dei ulike kjerneelementa, kompetansemåla og tverrfaglege temaa i læreplanen. Organiseringa rundt store spørsmål gjer det også enklare å sjå dei ulike delane av faget i samanheng. Kvar bolk blir avslutta med ei eiga vurdering.

Filer

Årsplan med fokus på aktuelle tema og utfordringar

Denne planen tek utgangspunkt i eleven, aktuelle spørsmål, og korleis faget kan bidra i krevjande diskusjonar vi forventar vil komme. Vi jobbar først med religion i dag og noko historie for å kunne forstå bakgrunnen for slik vi har det i dagens samfunn. I temaa som følgjer, jobbar vi med aktuelle spørsmål. Her er det naturleg å trekkje inn ulike sider av religionar og livssyn. Samanlikning av sentrale trekk jobbar vi med gjennom heile året, i tillegg til at det er sett av eiga tid til dette.

Vurdering kan takast inn etter ønske og behov. Der eit tema går over fleire veker, er det moglegheiter for å leggje inn vurderingar i form av prøver. Fleire oppgåver kan også brukast som grunnlag for vurdering i form av innleveringar eller framføringar.

Filer

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Karl Henrik Aanesen og Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2022

Læringsressursar

Om faget