Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til eksamen

Har du komme opp til eksamen i religion og etikk? Fortvil ikkje! Vi veit råd.
Fire ungdommar sit rundt ein pult. Dei har pc, notatblokker og pennar framfor seg på pulten. Dei diskuterer med kvarandre og smiler. Det står "ndla" på datamaskinen og "Tid for eksamen" øvst i biletet.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når det gjeld omfang, er religion og etikk kanskje eit av dei enklaste faga å komme opp i til munnleg eksamen. Samtidig er det mange som er usikre på kva som skal til for å få eit godt resultat. Vi skal her gi nokre tips til korleis du skal få mest mogleg ut av munnleg eksamen.

Dag 1: Generell førebuing

Denne dagen får du berre vite kva fag du har komme opp i.

  • Bruk dag 1 til generell repetisjon.

  • Bruk moglegheita du har til å få rettleiing frå faglærar. Ver sikker på at du forstår kva som er forventa, og kva reglar som gjeld for eksamen.

  • Bruk hovudsakleg kjelder som er berekna for skulen og tilpassa læreplanane (lærebøker og NDLA) – eller andre kjelder du veit du kan stole på. Ikkje gå deg bort i obskure internettsider!
  • Du skal vurderast etter kompetansemåla i faget på Utdanningsdirektoratet. Bruk dei som sjekkliste!
  • Det kan òg vere nyttig å sjå på årsplanen for å få oversikt over kva de har jobba med gjennom året.
  • Bruk dagen til å skaffe deg oversikt. Skriv notat, lag tankekart, eller bruk andre metodar som fungerer for deg.

Dag 2: Førebu tema/problemstilling

Denne dagen skal du trekkje tema eller problemstilling. Somme faglærarar deler ut eit tema, mens andre gir ei ferdig problemstilling. Det viktigaste er uansett at du svarer på det som står i oppgåva. Ofte kan det vere nyttig å ta utgangspunkt i ei problemstilling for å gi oppgåva ei tydeleg retning. Denne bør du få godkjend av faglærar.

Det er ikkje noko krav om at du halde ein presentasjon. Det er lurt å avtale dette med faglærar på førehand. Mange vel likevel å førebu ein presentasjon, og ein del av tipsa du får her, gjeld spesielt for presentasjonar. Fordelen med å halde presentasjon er at du får meir kontroll over delar av eksamineringa. Ei ulempe kan vere at du bruker mykje tid på setje saman presentasjonen, som kan gå ut over å få oversikt over temaet. Kva du vel her, avheng av korleis du meiner du kan få vist mest kompetanse. Spør gjerne læraren om råd.

  • Sørg for at du får nok rettleiing i starten, slik at du er sikker på at du er på rett veg.
  • Løys oppgåva!

    • Presentasjonen skal fokusere på å løyse oppgåva – ikkje ramse opp fakta.

    • For å løyse oppgåva må du drøfte, analysere og/eller samanlikne.

    • Samanlikning betyr å finne likskapar og forskjellar og forklare dei. Derfor kan det vere lurt å presentere det du skal samanlikne – saman – og ikkje kvar for seg.

    • Hugs konklusjon!

  • Bruk fagomgrep!
    • Men: Ikkje bruk tid på å forklare heilt grunnleggjande omgrep. Tenk at du skal presentere for ein medelev som har det same faglege grunnlaget som deg, men som ikkje kan det du har fordjupa deg i.
  • Kjeldebruk

    • Bruk fleire kjelder!

    • Oppgi gjerne kjelder undervegs i presentasjonen og i ei liste til slutt.

    • Ver kritisk til kjeldene. Du må alltid vite kven som står bak ei internett-side.

    • Bruk utdrag frå dei heilage tekstane der det er relevant (sjå lenkjer under).

  • Legg opp til smash!

    • Nemner du noko i ein bisetning under presentasjonen utan å forklare det nærare, vil kanskje sensor be deg utdjupe dette etter presentasjonen. Viss du har førebudd deg godt på alt du tek med i presentasjonen, kan du verkeleg briljere.

  • Les deg opp på heile fagfeltet du skal fordjupe deg i.

    • Skal du samanlikne etikken i islam og kristendom, bør du ha god oversikt over sentrale trekk i islam, kristendom og etisk teori.

Dag 3: Eksamen

Det blir sett av ein halvtime til den munnlege eksamineringa din. Viss du har valt å førebu ein presentasjon, blir første del av eksamen brukt til dette. Eksamen tek alltid utgangspunkt i oppgåva du har trekt, men alle kompetansemåla kan i prinsippet bli trekte inn undervegs. Du bør vere førebudd på det meste, men det er vanlegvis mest forventa i dei områda som har direkte å gjere med temaet du har trekt.

Tips til fagsamtalen

  • Bruk fagomgrep også under fagsamtalen.
  • Får du eit vanskeleg spørsmål, snakk om noko du kan som kan relaterast til spørsmålet.
  • Vis initiativ! Trekk inn eigne døme og vis samanhengar til andre område i faget.
  • Prøv å vise litt meir enn faktakunnskap i fagsamtalen: samanlikn, drøft, vurder og analyser.

  • Hugs: Oppgåva til faglærar og sensor er å finne ut kva du kan – ikkje kva du ikkje kan.

Lykke til!

Kjeldetips:

Kristendommen og jødedommen

Bibelselskapet: Jødedom og kristendom

Islam

Den Islamske Informasjonsforeningen: Søk i Koranen

Buddhismen

Dhamma-biblioteket: Buddhas budskap (PDF). Tekstar i utval, ordna etter tema. Omsett av Kåre A. Lie.

Hinduismen

Bhagavadgita. Skanna utgåve

Sikhismen

Sri Granth: Guru Granth Sahib (engelsk)

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Om faget