Hopp til innhald

Fagstoff

Frå KRLE til religion og etikk

Vi lever i ei mangfaldig verd der forståing for religion og etikk er viktigare enn nokosinne. Kvar dag har du med menneske å gjere som har ei anna oppfatning av kva som er rett og gale, og kva som er sant og usant.
Seks glade elevar i skulegarden. Dei står  med hovuda tett inntil kvarandre og held rundt kvarandre. Vi ser ansikta deira i froskeperspektiv – nedanfrå og opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor religion og etikk?

Hovudmålet med faget religion og etikk er at du skal forstå deg sjølv, andre og verda rundt deg. Du skal òg bli i stand til handtere mangfald og ueinigheit. For å få til dette må du utvikle kunnskapar om religionar og livssyn, og du må trene deg på å reflektere over etiske og eksistensielle spørsmål. På denne måten kan du bli i stand til å meistre livet, bli ein ansvarleg medborgar og bidra til eit berekraftig samfunn.

Det er altså ikkje småtteri som er forventa av deg som elev i religion og etikk. "Religion og etikk har eg jo hatt om i 10 år allereie", tenkjer du kanskje? Forhåpentleg har du eit godt grunnlag frå KRLE-timane, men i faget du skal ha no, tek vi det heile til eit nytt nivå.

Eit vg3-fag

Faget religion og etikk byggjer vidare på KRLE-faget du hadde på grunnskulen. På vidaregåande er faget lagt til vg3 i studieførebuande utdanningsprogram. Dette inneber at forventningane til deg som elev er ein del høgare enn då du lærte om desse temaa sist. Det at du no er eldre, inneber at du har meir livserfaring, du kan reflektere over meir avanserte spørsmål, og du kan analysere og forstå vanskelegare samanhengar.

Det at du gjennomfører eit studieførebuande utdanningsprogram, inneber dessutan at du skal ha ei meir vitskapleg tilnærming til faget – du skal begynne å tenkje som ein student. Derfor skal du lære om teoriar og bruke dei til å analysere, samanlikne, finne samanhengar og gjere eigne vurderingar. Du skal òg bli flink til å finne og vurdere kjelder og bruke dei på rett måte.

Fagomgrep

Kvifor er desse omgrepa viktige i faget religion og etikk?

  • mangfald
  • haldningar
  • forståing
  • respekt
  • identitet

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Fagets relevans og sentrale verdier. Læreplan i vg3 religion og etikk (RLE01‑03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/rle01-03/om-faget/fagets-relevans-og-verdier


CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Om faget