Hopp til innhald

Rasisme

Eit stygt blikk eller ein kommentar kan vere uttrykk for rasisme, men rasisme kan òg vise seg i drap, forfølging og folkemord. Kva er rasisme, og korleis kan vi motarbeide det?
Avisutklipp med bilete av Benjamin Hermansen. Det står framfor ein varde laga av små snøballar med lys i midten. Rundt varden er det fire tende faklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Drapet på Benjamin Hermansen i 2001 viste altfor tydeleg at valdeleg rasisme ikkje berre er noko som kan knytast til Nazi-Tyskland, apartheid i Sør-Afrika eller raseskiljepolitikken i USA. Også i dagens Noreg handlar rasisme om mykje meir enn stygge kommentarar eller sleivete humor. Dette blei endå tydelegare då Noreg opplevde rasistisk motivert terror 22. juli 2011.

Rasisme er eit fenomen som skaper mykje engasjement og debatt. I 2015 blei det innført endringar i den såkalla "rasismeparagrafen", og i etterkant blei det ein diskusjon om det er riktig å forby hatefulle ytringar. Det kan vere vanskeleg å gi ein dekkjande definisjon på kva rasisme er, og det er derfor ofte vanskeleg å avgjere om noko er rasistisk eller ikkje. Når du skal byrje å jobbe med dette temaet, kan det derfor vere lurt å starte med ein diskusjon om rasismeomgrepet.

I læringsstien "Kva er rasisme?" skal elevane jobbe med å lage sin eigen definisjon på rasisme og diskutere korleis ein kan reagere på og kjempe mot rasisme. Denne læringsstien fungerer som ein generell introduksjon til temaet rasisme og kan brukast i mange ulike fag. Vi har òg samla oppgåver og artiklar om rasisme frå fag som norsk, samfunnskunnskap og kommunikasjon og kultur, der elevane kan fordjupe seg vidare i temaet.

Andre ressursar om rasisme

Temaet "Rasisme og andre uttrykk for gruppefiendtlighet" på sidene til Dembra (demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme): dembra.no

Temaet "Rasisme og diskriminering" på skulenettsida til Antirasistisk senter: aldrimer22juli.no

Videoar om rasisme: nrk.skole

"Rasismeparagrafen", §185,: lovdata.no.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2021