Hopp til innhald

Puslespelet meg – identiteten min?

Kven er du? Kva har gjort deg til den du er i dag, og kven vil du bli i framtida? Det er mange ulike faktorar som formar identiteten vår – og kva som er viktigast, varierer frå person til person.
Puslespelbrikker som er halvvegs sette saman i eit bilete som viser eit ansikt. Foto.

Identiteten vår blir forma av mange ulike faktorar. Språk, familie, kultur, religion, alder, yrke, arv, nasjonalitet og våre eigne val er berre nokre av mange brikker i puslespelet.

Identitet handlar om kven vi er, og korleis vi oppfattar oss sjølv. På den eine sida er identiteten vår noko som skil oss frå andre. På den andre sida er identitet noko som bind oss saman. Identiteten vår som norske skil oss til dømes frå andre nasjonalitetar, samtidig som han bind oss saman med andre nordmenn. I dette emnet skal du utforske og reflektere over kva som har forma identiteten din. Du kan fordjupe deg i enkelte faktorar eller prøve å sjå heilskapen og samspelet mellom mange ulike element.

Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men somme av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, naturfag, norsk, helse og oppvekst, barne- og ungdomsarbeidarfag og mediefag.

Somme av artiklane og oppgåvene er sette saman i læringsstiar. I læringsstien Puslespelet meg har vi laga ein introduksjon til temaet identitet og forslag til korleis du kan jobbe med temaet ut frå mange ulike faglege synsvinklar. Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eige bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020