Hopp til innhald
Fagartikkel

Samanlikning i religionsfaget

Samanlikning blir rekna som ein sentral del av religionsfaget. Denne artikkelen forklarer kvifor og korleis.

Kva kan vi samanlikne?

Når vi skal samanlikne to eller fleire religionar eller livssyn, kan vi ta utgangspunkt i sentrale trekk eller dimensjonar. Det kan vere sentrale trekk som menneske- og gudssyn eller ein av , som til dømes mytar eller etikk. Dimensjonane inneheld mykje, så med dei som utgangspunkt kan det kan lønne seg å spisse det du samanliknar.

Vi kan òg velje nokre religiøse tradisjonar og sjå på kva grunngivingar, praksisar og reglar dei har. Det kan vere konkrete, materielle ting som bønnekransar og relikviar, eller det kan vere praksisar som bønn, resitasjon og pilegrimsreiser.

Kvifor samanliknar vi?

Max Müller, mannen som ofte blir rekna som far til religionsvitskapen, skal ha sagt følgande om religionar: "Den som kjenner éin, kjenner ingen." Gjennom å jobbe med fleire religiøse tradisjonar og sjå på likskapane og forskjellane mellom dei, kan vi forstå meir av kva religion er og kan vere. Vi kan òg seie noko av det same om det indre mangfaldet i religionane. Ved å finne ut kva ulike retningar har felles, og kva som er ulikt, vil vi kunne lære meir om den spesifikke religionen.

Vi kan òg bruke samanlikning for å avgjere om noko er religion. Dei fleste vil vere einige om at velkjende tradisjonar som islam, buddhismen og kristendommen er religion. Når vi derimot skal sjå på religion i populærkultur og nyetablerte religionar, som til dømes Det Heilage Flygande Spagettimonsterets Kyrkje eller The Satanic Temple, er dette vanskelegare å avgjere. Då kan vi samanlikne med dei velkjende religionstradisjonane eller andre fenomen vi tidlegare har definert som religion, og vi kan sjå etter likskapar. Det kan hjelpe oss å avgjere om vi bør kalle det religion.

Likskapar og forskjellar

Når vi samanliknar, ser vi etter både det som er likt, og det som er ulikt. Viss vi fokuserer meir på det eine enn det andre, er det fort gjort at vi kan framstille det vi skal samanlikne, som meir likt eller meir ulikt enn det det eigentleg er.

I ei samanlikning må vi vere klar over vinklinga. Viss vi til dømes ønsker at to religionar skal verke like, er det fort gjort å oversjå vesentlege forskjellar. Derfor bør vi ope finne både likskapar og forskjellar. Vi bør vente med å trekke konklusjonar før til slutt, når vi jobbar med faglege samanlikningar.

Viss vi fokuserer på kva som er likt og ulikt, kan vi sjå oss litt blinde på det og derfor ikkje få med oss andre sentrale ting i det vi samanliknar. I religionsfaget blir det derfor òg rekna om nødvendig å studere enkeltfenomen for seg sjølve for å lære meir om eigenarten i ulike tradisjonar.

Oppgåva kan til dømes vere å undersøke pilegrimsreisa i islam. Det er tradisjon blant sufiar å oppsøke gravstader til tidlegare meistrar, og sjia-muslimar reiser òg til Karbala for å markere imam Husseins død. Mekka (hajj) er nok det mest kjende pilegrimsmålet for muslimar. Det er mange element ved hajj som er særeigne for nettopp denne pilegrimsreisa: Mekka som heilag stad, kabaens betydning og historie og grunngivinga for dei ulike ritane under pilegrimsreisa. Alt dette er viktige sider ved hajj som er spennande å studere kvar for seg, og som ein fort kan gå glipp av viss ein fokuserer berre på samanlikning.

Forkunnskapar

Det er òg nødvendig at du er medviten di eiga forståing av og kunnskapar om det du skal undersøke. Det som i utgangspunktet kan sjå eller høyrast likt ut, kan i verkelegheita vere ganske ulikt. Viss du kjenner godt til bønn i ein tradisjon, kan det vere lett å tru at mykje av det du kan om det, stemmer med andre former for bønn. Då må du hugse at sjølv om bønn i ulike religionar har fellestrekk og kan sjå likt ut på overflata, er det òg til dels store forskjellar i utføring, grunngivingar og reglar.

Biletet til venstre viser hinduar i bønn, mens biletet til høgre viser muslimar i bønn. Sett utanfrå er det mange likskapar mellom rituala i dei to religionane.

Viss ein ser nærare på grunngivinga for at dei ber, kva dei vil oppnå med å be, kven bønna er retta til, innhaldet i bønna, reglane knytt til bønna og enkeltelement som rørsler, symbol og stemmebruk, vil ein sjå at det er mykje ulikt under overflata.

Kjelder i samanlikning

Når vi skal samanlikne i religionsfaget, kan vi bruke mange ulike former for kjelder. Vi kan til dømes bruke tekstanalysar, observasjonar, intervju og spørjeundersøkingar som kjelder. I faget religion og etikk er det òg vanleg å bruke fagartiklar.

Det er avgjerande at vi samanliknar med eit så likt utgangspunkt som mogleg. Viss du til dømes har valt å ta utgangspunkt i kva det står om ein tradisjon i ein heilag tekst, bør du prøve å finne tilsvarande tekstar for det du skal samanlikne med.

Vi må òg tenke gjennom kva typar kjelder vi bruker, og kva styrkar og svakheiter dei har. Vi kan til dømes spørje oss om det er kjelder med eit innanfrå- eller utanfråperspektiv. Kva fagleg bakgrunn har den vi snakkar med? Kor mykje rom er det for å tolke det vi trekker fram?

Tenk gjennom

Kva er styrkane og svakheitene til kjeldene under?

  • Heilage tekstar

  • Ein religiøs venn

  • Fagartiklar

  • Observasjon av ei heilag handling

  • Ein bønneleiar eller religiøs leiar

Korleis kan det å bruke fleire av dei styrke ei oppgåve?

Korleis samanlikne?

Når du skal samanlikne, er det nokre fasar du bør gå gjennom.

  1. Først må du velje ut minst to fenomen eller praksisar som på nokre område ser ut til å ha fellestrekk.

  2. Du må deretter studere begge for seg.

  3. Når du har gjort det, kan du byrje med å finne likskapar og forskjellar.

  4. Til slutt skal du, så godt du kan, forklare og grunngi likskapane og forskjellane.

Samanlikningar kan vere alt frå enkle oppsummeringar til store forskingsarbeid. Kva som er ei god samanlikning, vil derfor vere avhengig av rammene som er gitte.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Samanlikningsoppgåver

Her har vi samla ulike oppgåver der samanlikning av religionar og livssyn er tema.

Kjelder

Bøe, M. H. & Kalvig, A. (2020). Mennesker, meninger, makter. En introduksjon til religionsvitenskap. Cappelen Damm Akademisk.

Stausberg, M. (2011). Comparison. I Engler, S. og Stausberg, M. (Red.), The Routledge Handbook of Research Methods in the Study of Religion (s. 21–39). Routledge.