Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyse av hajj: Finn dimensjonane!

Ninan Smarts dimensjonar kan vere nyttige når ein skal analysere ritual. Sjå filmen "Fra Vålerenga til Mekka" og gjer oppgåvene under. Leit på nettet viss du treng meir informasjon om pilegrimsreisa hajj.

Les Ninian Smarts sju religionsdimensjonar før du ser filmen og gjer oppgåvene.

Undersøk dei ulike rituala som inngår i pilegrimsreisa hajj. Gi minst to døme på følgjande:

  1. Ritual som byggjer på myter (forteljingar frå dei heilage skriftene)
  2. Ritual som seier noko om islams lære (gudetro, verdsbilete, menneskesyn eller frelse)
  3. Ritual som seier noko om etikk (kva som er rett og gale, eller godt og vondt)
  4. Materielle/estetiske uttrykk som blir vist i rituala (bygningar, gjenstandar, musikk, kunst)
  5. Den sosiale dimensjonen i rituala (fellesskap, sosial organisering, sosiale roller, kjønn)
  6. Opplevingsdimensjonen i rituala (nærleik til eller kontakt med Gud, åndeleg utvikling)
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022

Læringsressursar

Metodar for samanlikning og analyse