Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn ulike religionar og livssyn

Denne oppgåva skal hjelpe deg til å gjennomføre samanlikningar i religionsfaget.
Kollasj av menneskemengde samla til bøn. På biletet til venstre sit menneska med beina i kors medan dei ber. Dei har på seg fargerike klede. På biletet til høgre ligg dei bedande bøygd framover og med forhovudet i bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi skal samanlikne to eller fleire religionar eller livssyn, er det ei nesten utømmeleg liste av ting og fenomen vi kan samanlikne. Likevel bør vi velje noko som kan reknast som sentrale trekk. Det vil gjere det lettare å finne gode kjelder og byggje annan kunnskap rundt temaa. Er du usikker? Spør læraren din om rettleiing.

Steg 1. Kva vil du samanlikne?

Vel minst to fenomen, praksisar eller ting som har fellestrekk. Vel frå minst to religionar/livssyn eller retningar innanfor ein religion / eit livssyn.

Viktig å tenkje på:

  • Pass på at det du vel å samanlikne ikkje er for likt. Det vil nemleg gjere det vanskeleg å ikkje gjenta seg sjølv.

  • Vel noko som er så konkret at du kan finne svar. Det er til dømes lettare å finne grunnlaget for etikk eller grunngiving for enkelte påbod og forbod enn å samanlikne etikk generelt.

  • Det kan òg vere lurt å vere tydeleg på kva retning eller retningar du har valt. Noko kan vere ganske ulikt internt i religionar. Med andre ord: samanlikn heller sunni-islam og katolsk kristendom enn islam og kristendom.

Nokre forslag til kva du kan samanlikne:

  • bruk av felles mytar

  • synet på heilage tekstar

  • liknande ritual (til dømes bøn, pilgrimsreiser, feiring av religionsstiftarar)

  • estetiske uttrykk som musikk, heilage rom eller bilete av heilage personar

  • synet på relikviar, heilage stader, synet på Gud, menneskesyn

Steg 2. Utforsk det du skal samanlikne kvar for seg

Når du har valt det du skal samanlikne, bør du først sjå på fenomena kvar for seg.

Prøv å finne svar på

  • kva det du skal studere betyr i sin tradisjon

  • kvifor det er som det er

  • kva betydning det har for dei truande

No bør du også sjekke at

  • kjeldene dine er fagleg gode nok

  • du har kjelder som gjer at du kan samanlikne dei på omtrent same grunnlag

Steg 3. Sorter det du har funne

Etter at du har studert det du skal samanlikne kvar for seg, kan du byrje med å finne likskapar og forskjellar.

Lag gjerne eit skjema med tre kolonnar, der du har det som er likt i midten og det som er ulikt i kvar si kolonne til høgre og venstre for midten. Bruk stikkord som viser til det du fann ut under første punktet.

Til slutt skal du, så godt du kan, forklare og grunngi likskapane og forskjellane.

Grunngivingane og forklaringane er spesielt viktige fordi det ofte er gjennom desse vi finn svaret på kvifor det vi samanliknar, har noko å seie for truande.

Steg 4. Lag produkt

No skal du samle saman det du har funne til ei oppgåve eller ei framføring. Om du skriv om ein religion om gongen og samanliknar til slutt, eller om du vel å samanlikne punkt for punkt undervegs, er ei smakssak. Begge delar kan fungere godt. I ei samanlikning er det lett å gjenta deg sjølv. Prøv å unngå det.

Lykke til!

Kjelde:

  • Stausberg, M. (2011) Comparison i M. Stausberger og S. Engler (Red.) The Routledge handbuok of research methods in the study of religion. (s. 21–39). Routledge.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Metodar for samanlikning og analyse