Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummering – Smarts dimensjonar

Oppsummering og refleksjon

  1. Kva kan ein lære om religion ved å bruke Smarts sju dimensjonar?
  2. Kvifor er det ein nyttig modell for å analysere religionar?
  3. Hva er akronymet for å hugse dei sju dimensjonane?
  4. Kva betyr teisme, monoteisme, ateisme, polyteisme og panteisme?
  5. Kva dimensjon meiner du er viktigast? Vil dette gjelde kvar ein religion eller retning?
  6. På kva måte heng dei sju dimensjonane saman?
  7. Definer omgrepet læra om frelse. Skriv ned i éin kort setning – éin for kvar av læra om frelse i to religionar.
  8. Smarts modell er blitt kritisert blant anna fordi han tek utgangspunkt i kristendommen og går ut frå at dei same fenomena også finst i andre religionar. Kan du sjå at ikkje modellen passar like godt til alle religionar?

Utforsk!

Undersøk nærmare fleire av dimensjonane.

  1. Kva er ein myte? Skaff oversikt over dei ulike typane mytar som finst. Finn ut meir: Myter og lesemåter
  2. Vel eitt ritual som finst i to religionar som du veit om og undersøk kor mange andre religionar som også praktiserer dette eller liknande ritual (søk på nett eller sjå i lærebok).
  3. Kva er mystikk? Kva dimensjon høyrer mystikken under? Sjå første artikkel igjen viss du er usikker.

Bruk dimensjonane!

Smarts dimensjonar er også mogleg å bruke på ein del ikkje-religiøse fenomen. Vel eitt av døma under, eller eit anna ikkje-religiøst fenomen du tenkjer kan passe. Finn minst eitt døme på kvar dimensjon.

  • nasjonalkjensle (til dømes det å vere norsk)
  • fotball (til dømes eit fotball-lag)
  • Beliebers (eller andre fans)
  • ekstreme ideologiar (til dømes nazismen i Nazi-Tyskland eller juche i Nord-Korea)
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Metodar for samanlikning og analyse