Spenningar i IMI-modellen
Dei institusjonelle, mystiske og intellektuelle religionselementa inneheld spenningar som gjer at det fort oppstår konfliktar og ulike interessegrupper innan same religion. Det finst også positive og negative sider ved alle elementa. For illustrasjon av desse spenningane kan vi bruke den katolske kyrkja som døme.
I dei institusjonelle elementa finst det spenning mellom bevaring av fortida og tilpassing til samtida. På den positive sida har den katolske kyrkja fungert som ein beskyttar av kunnskap gjennom heile mellomalderen, særleg via klostervesenet. På den negative sida, derimot, har kyrkja fleire gonger nekta å tilpasse seg eiga samtid og heller tvihalde på eigen tradisjon og maktmonopol. Det kanskje verste dømet er opprettinga av inkvisisjonen i høgmellomalderen, då paven legaliserte bruken av tortur i samband med jakta på kjettarar, altså folk som blei rekna som kritikarar av kyrkja.
I dei mystiske elementa står spenninga mellom aktivitet og passivitet. På positiv side har mystiske opplevingar ført til eit djupare religiøst liv for enkeltindivid, og har tidvis også gitt folk eit kall om aktivisme.
To døme frå katolsk tradisjon er apostelen Paulus og Frans av Assisi. Dei levde eit ikkje-kristent liv fram til dei begge hadde ei mystisk oppleving som førte til omvending og eit liv i intens, aktiv teneste for Kristus. Negativt kan mystiske opplevingar føre til ekstrem passivitet, at ein blir overdrive sjølvoppteken og stormannsgalen. Nokre av ørkenfedrane og eremittane (einebuarane) i antikken er kanskje dei beste døma på slik verdsfjern tilbaketrekking frå verda og andre menneske.
I dei intellektuelle elementa er hovudspenninga mellom kritikk og konstruksjon. Eit viktig døme på sistnemnde spenning er reformasjonen, då den katolske kyrkja reagerte på den protestantiske kritikken med å endre eller omtolke delar av si eiga lære. Spenninga låg då mellom om dei skulle fokusere på å fjerne (kritikk) eller å byggje opp (konstruksjon) delar av den opphavlege læra si. Reformasjonen førte til at den katolske kyrkja endra eller omtolka delar av læra si, til dømes ved å forby avlatshandelen.
På den positive sida fungerer dei intellektuelle elementa altså som reiskap for systembygging og filosofisk fleksibilitet, som gir rom for tilpassing. På den negative sida kan det oppstå regelfanatisme og unødvendig komplisert spekulasjon, som verkar kald og verdsfjern for folk flest.
Frå den katolske kyrkja er skolastikken, ei blanding av aristotelisk filosofi og mellomalderteologi, eit døme frå mellomalderen på slik overkomplisert spekulasjon.
Element | Positive sider | Negative sider | Spenning |
---|---|---|---|
Institusjonell | -beskyttar av kunnskaps-formidling Døme: Klostervesenet i kristendom | -overfokus på autoritet, makt, politikk Døme: Inkvisisjonen, | Tradisjon / tilpassing |
Mystisk | -djupt personleg –omvending Døme: Paulus Frans av Assisi | -ekstrem passivitet -overdrive sjølvopptatt -stormanns-galskap Døme: Ørkenfedrane | Aktiv / passiv |
Intellektuell | -system-bygging –filosofisk fleksibilitet Døme: Tilpassing til reformasjonen | -regel-fanatisme –unødvendig komplisert Døme: Skolastikken | Kritikk / konstruksjon |