Kva er endra i faget forretningsdrift?
Lover og regelverk er no eit meir omfattande tema enn tidlegare. Her er vi innom dei mest sentrale lovene som regulerer drifta av bedrifter innanfor servicenæringa.
I temaet organisering har vi utvikla nye ressursar om organisasjonskart og ansvarsfordeling tilpassa aktuelle arbeidsplassar for elevane. Vi har òg, i samarbeid med bransjen, utvikla ressursar om omstillingsprosessar.
Økonomitemaet er revidert i samarbeid med matematikkredaksjonen til NDLA, slik at elevane vil møte ein heilskapleg og lik omgrepsbruk i dei to faga. Berekraftig utvikling i verdikjeda har fått større oppmerksemd, og her har vi produsert nye filmar om korleis dette er implementert i drifta av mathallen Vippa.
Beredskapsplanar, som tidlegare var på vg2, er no ein del av sal, service og reiseliv vg1. Her har vi oppdatert ressursane i samarbeid med ein lærar med fartstid frå bransjen. Innanfor HMS er det reviderte ressursar som blir brukte i alle yrkesfaga. Desse er delte inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren.