Hopp til innhald
Fagartikkel

Andregradsuttrykk

Kva meinest med eit andregradsuttrykk, og korleis kan vi faktorisere nokre spesielle andregradsuttrykk?

Eit uttrykk som kan skrivast på forma ax2+bx+c der a0, kallar vi eit andregradsuttrykk.

Eit døme på eit andregradsuttrykk er x2+4x-5. Leddet x2 kallar vi andregradsleddet og a=1. 4x kallar vi førstegradsleddet og b=4. -5 kallar vi konstantleddet og c=-5.

Eit andregradsuttrykk inneheld alltid andregradsleddet, men førstegradsleddet og konstantleddet kan mangle, det vil seie at b og/eller c kan vere lik 0.

Når konstantleddet manglar

Når konstantleddet manglar, vil faktoren x finnast i begge ledd. Då kan vi setje x utanfor parentesen

2x2-6x=2xx-3

Når førstegradsleddet manglar

Dersom dei to ledda har motsett forteikn, kan vi faktorisere med konjugatsetninga, (a+b)(a-b)=a2-b2

Døme

x2-4 = x2-22=x+2x-24x2-25=2x2-52=2x+52x-5x2-3=x2-32=x+3x-3-2x2+18=-2x2-9=-2x+3x-3ab2-c2=ab+cab-c

x+12-9=x+12-32=x+1+3x+1-3=x+4x-2

I CAS i GeoGebra kan du faktorisere ved å klikke på knappen «Faktoriser» i verktøylinja eller ved å skrive kommandoen. «Faktoriser».

Video: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0