Oppgåve
Menneske som informasjonskjelder
På den raude løparen blir to av skodespelarane frå NRKs Skam-serie intervjua av TV 2-reporter Fanny Odden. Det er ikkje til å leggje skjul på at Fanny er ein utradisjonell reporter.
Sjå klippet: Her får Skam-gutta bakoversveis
I videoen møter du skodespelarane Thomas Hayes og Herman Tømmeraas. Høvet er ein fest organisert av motebladet Elle i 2016. (NB! Klikk bort reklamen i starten av videoen.)
Diskuter med ein klassekompis eller i heile klassen:
- Korleis handterer reporteren dei to kjeldene sine?
- Kvifor trur de ho snakkar med kjeldene sine på denne måten?
- Kva er det som gjer at skodespelarane får bakoversveis?
- Kva er det som er utradisjonelt ved Fanny Odden som reporter?
- Kva informasjon er ho ute etter?
- Kva fungerer, og kva fungerer mindre bra?
- Kva kunne ho gjort annleis før og undervegs i intervjuet?