Krig, kaos og katastrofar
Journalistikken formidlar ofte eit «journalistisk» bilete av verda, der saker som stemmer overeins med nyheitskriterium og den journalistiske logikken, dominerer.
Men kor tydeleg er dette? Klarer vi å sjå det berre ved å sjå ei vanleg nyheitssending frå TV 2 eller NRK? Sjå sendinga frå gårsdagen av Dagsrevyen eller TV 2-nyheitene på nett-TV og svar på spørsmåla:
- Kva nyheitskriterium ligg til grunn for dei sakene som blir presenterte i denne sendinga?
- Kor mange saker handlar om krig, naud og katastrofar?
- Kor mange saker fokuserer på positiv utvikling rundt om i verda?
- Er du einig med mediekritikken til professor Hans Rosling (YouTube) når han hevdar at media berre fokuserer på kriser, kaos og katastrofar, eller synest du at professoren bommar litt?
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2017