Oppgåve
Kva kommunikasjon har kortfilmen?
Bruk omgrepa du har lært til å beskrive det som skjer i filmen:
Personleg kommunikasjon
- Kva trur du er jenta si intenderte meining? (det ho vil formidle)
- Korleis kommuniserer ho det? (kodar)
- På kva for måte vil du seie det er støy i kommunikasjonen?
- Kva trur du er guten si avkoda meining? Er ho veldig forskjellig frå jenta si? Gi grunn for svaret ditt.
- Kvifor sit dei i ein fotoboks?
- Korleis påverkar samtalen jenta får på mobilen kommunikasjonen mellom henne og guten?
- Kva trur du Kine seier til jenta i denne samtalen?
Mediekommunikasjon
- Kven er avsendar av filmen?
- Kva er bodskapen til filmen?
- På kva for måte har filmskaparen koda bodskapen sin inn i filmen? Kva for verkemiddel er brukt?
- Kva for kanal er filmen formidla i?
- Korleis forstår du bodskapen? Tenkjer du at du forstår bodskapen slik avsendaren har tenkt han?
- Gi nokre døme på moglege kjelder til støy for kommunikasjon av bodskapen i filmen.
Relatert innhald
Kjeldemateriale
BoksEit kjærastepar er i ein fotoautomat og prøver å ta eit bilete som dei begge kan vere nøgde med.