Hopp til innhald
Fagartikkel

Forbrukarmakt for berekraft

Som enkeltpersonar kan vi velje å legge om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning, men det har større effekt viss mange gjer det same. Vi kan òg prøve å bruke forbrukarmakta vår til å påverke verksemder til å gå i ei meir berekraftig retning.
Kva kan vi gjere for miljøet som enkeltperson? Det er ei rekke enkelthandlingar vi kan utføre, som gir gode klimatiltak til saman. Her gir Radical Broccoli-søstrene, Susanne og Anette Bastviken, klimatips til Elise Alexandra Gulbrandsen. Video: VG / Avgrensa bruksrett

Tenk over

Er det eit eller fleire av klimatipsa til Radical Broccoli-søstrene som du blei inspirert av? Kva for nokre, i så fall?

Forbrukarmakt og palmeolje

Som forbrukarar kan vi påverke kva for varer og tenester som blir tilbydde. Viss vi er mange nok som går inn for å kjøpe eit produkt eller ein bestemd type vare, vil fleire butikkar kanskje byrje å tilby det. Dermed blir det lettare tilgjengeleg, og endå fleire får moglegheita til å kjøpe det.

I motsett fall kan redusert sal skape merksemd rundt ei bestemd problemstilling. I 2012 blei det sett i gang ein kampanje mot produkt som inneheldt palmeolje. Mange forbrukarar byrja å unngå desse produkta. Produsentane tok signala, og i dag er forbruket av palmeolje redusert med to tredjedelar.

Sweatshop

I Sweatshop-episoden nedanfor (10:40) ser vi fire ungdommar, mellom dei influensaren Anniken Jørgensen, som reiser til Kambodsja. Dei ønsker å stille krav om openheit om arbeidsforhold i tekstilfabrikkar, med eit mål om å påverke rettane til tekstilarbeidarane.

Episode 1 av sesong 2 frå serien Sweatshop. Serien er frå 2016. Video: Hacienda Film AS, Aftenposten / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over

Er det ei eller fleire saker du er villig til å bruke forbrukarmakta di på? Kva for nokre, i så fall?