Oppgåve
Gjennomfør eit intervju med ei munnleg kjelde
Slik går du fram:
Planlegg, gjennomfør og bearbeid eit munnleg intervju
- Vel mellom temaa eteforstyrringar og idrettsskade.
- Vel mellom desse formata:
- Nettstad for førebygging (informasjonsarbeid)
- Produksjon av reklamefilm
- Produksjon av TV-serie
- Produksjon av radiofeature
- Produksjon av nyheitssak
- Førebuing: Forsikre deg om at du får tak i nyttig informasjon.
- Kva er føremålet med å hente inn informasjon?
- Kva informasjon treng du?
- Skal du møte ei profesjonell eller ei ikkje-profesjonell kjelde?
- Er det ei førstehandskjelde eller ei andrehandskjelde?
- Korleis skal du bruke informasjonen?
- Lag ein intervjuguide.
- Ring, gjer avtale og avklar forventingane dine.
- Gjer meir research og juster spørsmåla dine.
- Gjennomfør intervjuet.
- Sjekk om du har informasjonen du treng, og gjer ein kjeldekritisk sjekk.
- Lever intervjuet til læraren din eller gå gjennom resultatet i grupper.
Eigenvurdering
Kva har de no lært om å etablere tillit og truverd i møte med ei munnleg kjelde?
Snakk saman to og to om kva de har lært om:
- å førebu informasjonsinnhenting
- korleis møte ei kjelde
- korleis gjennomføre eit intervju
- korleis sjekke, tilarbeide og vere kjeldekritisk til innhenta informasjon