Hopp til innhald

Fagstoff

Val av uttrykksmåtar i tekst

Somme tekstar består av berre skrift, andre har både ord, bilete og lydar. Dei ulike uttrykksformene påverkar korleis vi oppfattar innhaldet. Det bør du tenkje på når du analyserer tekstar, men òg når du skaper eigne tekstar.
Personar kommuniserer via nettbasert teknologi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modalitet

Vi bruker ulike uttrykksformer til å skape meining i ulike situasjonar. Det kan til dømes vere gjennom skrift, tale, bilete, kroppsspråk eller musikk. Ei slik uttrykksform kallar vi for ein modalitet.

Val av modalitetar, og samspelet mellom dei, er avgjerande for kommunikasjonen. Det blir då viktig å utnytte eigenskapen til modaliteten og velje den som eignar seg best for det du ønskjer å formidle. Fotografi eller musikk blir til dømes ofte brukt til å engasjere kjenslene våre.

Diskuter

Kva modalitetar ville du ha brukt til å

  • presentere helten din

  • forklare kvifor du kom for seint

  • formidle skulereglementet

  • beskrive kva sjalusi er

Samansett tekst

Eit fotografi består berre av éin modalitet. Men viss du legg til ein bilettekst, bruker du to modalitetar. Då kallar vi det ein samansett eller multimodal tekst.

Når du skal analysere ein samansett tekst, bør du beskrive kva uttrykksmåtar som er valde. Vurder så kva funksjonar dei har, og korleis eigenskapane til dei ulike modalitetane blir utnytta.

Funksjonell spesialisering

Når nokon brøyter seg fram på bussen. Ei gammal dame med trillebag og paraply brøyter seg veg inn på banen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike modalitetar ber ulike delar av informasjonen i ein samansett tekst. Dette kallar vi for funksjonell spesialisering. Skrifta kan ha ein funksjon eller ei oppgåve, mens biletet har ein annan funksjon.

Plakaten frå Skyss bruker eit nytt ord, som ikkje står i ordbøkene, til å gjere oss bevisste på åtferd. Her gir den skriftlege teksten ein definisjon av kva ei brøytebølle er, medan illustrasjonen gir eit humoristisk bilete av korleis ei eldre dame opptrer når ho skal inn på bybanen. Både illustrasjonen og skildringa av fenomenet kan få mottakarane til å assosiere til liknande opplevingar. Kanskje vi hugsar irritasjonen brøytebøllinga skapte?

Illustrasjonen og overskrifta blir eit blikkfang. Den raude fargebruken leier blikket vårt til den skriftlege oppmodinga om å vere greie. Her blir det brukt skrift til å påverke haldningane våre. Dette styrer tolkinga vår av illustrasjonen og skildringa av ei "brøytebølle". Logoen nedst gir informasjon om kva firma som står bak kampanjen.

Vurder kva slags funksjon dei ulike modalitetane har i teksten

Ninja Benneche har skrive lyrikk til sine eigne teikningar i filmklippet under. Vurder korleis teikningar, skrift, tale og musikk har ulike funksjonar i den samansette teksten. Kva slags moglegheiter og avgrensingar har dei ulike modalitetane?

Når du har funne ut kva dei ulike uttrykksformene kan formidle, er det lettare å vurdere samspelet mellom dei.

Affordans

Eit kartutsnitt viser ein orienteringspost. Post tre plassert på ein sti. Illustrasjon.

Ein affordans er eigenskapar eit objekt har som legg føringar for korleis vi bruker det. Til dømes viser eit kart korleis ting er plasserte i høve til kvarandre og kan hjelpe deg til å finne fram. Kartet sin affordans er at det gir oss eit oversiktsbilete vi kan orientere oss i.

Modal affordans

Grensa for kva vi kan og ikkje kan uttrykkje gjennom ein modalitet, blir kalla for modal affordans. Eigenskapane til uttrykksforma avgjer kva moglegheiter og avgrensingar ho har.

Prøv ut
  • Mim ordet "etterpå"

  • Forklar "timeglasforma kropp" berre ved hjelp av ord, utan å bruke kroppsspråk

Affordans kan òg vere uttrykk for vanetenking og tradisjonell bruk av modaliteten (Løvland, 2007). Til dømes har skriftspråket hatt ein sterkare status enn andre modalitetar i høgare studiar. Skrift opplevast som gyldig og varig kommunikasjon, og skulen har lange tradisjonar for å bruke skrift i læringsarbeid.

Skriftlege tekstar

Skriftlege tekstar gjer det mogleg å formidle svært komplekse tankar til andre, fordi skrift lagrar informasjonen på ein meir nøyaktig måte enn menneskeleg minne. Skrift kan òg formidle eitt enkelt menneske sine tankar og særeigne perspektiv på verda. Romanen er eit døme på ein sjanger som ikkje kunne oppstått i ein munnleg kultur. Vitskapen slik vi kjenner han, er òg avhengig av at kunnskap om fenomen i verda kan samlast og bli bygd vidare på gjennom skriftlege tekstar.

Munnlege tekstar

Munnlege tekstar blir formidla via lydar som forsvinn. Derfor har munnlege tekstar vore prega av gjentakingar og faste mønster for å sikre at innhaldet skulle bli hugsa. Du kjenner sikkert igjen oppbygginga av eit eventyr?

Vi opplever gjerne munnlege tekstar som personlege, fordi stemma er særeigen for kvart enkelt menneske. Stemmebruk og innleving kan forsterke innhaldet i teksten.

Visuelle tekstar

Visuelle tekstar som fotografi, teikningar og grafikk har andre affordanser. Eit bilete eignar seg til å formidle kjensler og stemningar på ein uvilkårleg måte.

Reklameplakat i ope landskap. Han viser ein mann som gapar opp, slik at ganen hans visast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Dame løftar knyteneven og har ei snakkeboble med  "We Can Do It!". Reklameplakat.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val av skrift og plassering av skrifta er òg ein slags affordans: Store bokstavar og plassering øvst gjer noko med korleis vi les ein tekst.

Illustrasjonen i reklameplakaten speler på kjensler. Korleis hadde den skriftlege teksten: "We Can Do It!" fungert aleine?

Digitale tekstar

Affordans blir òg brukt om korleis endringar i teknologi har ført til utvikling av nye tekstkulturar. Eigenskapar ved eit medium eller ein kommunikasjonskanal påverkar korleis vi bruker, formar ut og tolkar tekstar.

Skjermbilete av ei kvinne med grafisk filter i ansiktet med bamseøyre, store briller, tung augesminke og snute. Skjermbilete.

Lydopptak gjer til dømes munnlege tekstar varige. No kan vi bestemme når vi vil høyre på ein podkast eller eit radioprogram og velje innhald etter interesse. Ein affordans til direktesendingar er at lyttarane får ei kjensle av å vere til stades akkurat no.

Tekst på digitale plattformer er interaktive og blir gjerne delt vidare. Både skrolling, klikking og lenking til anna innhald påverkar korleis vi bruker digitale tekstar. Ein annan viktig affordans i digitale kanalar er moglegheita vi har til å samhandle med andre i sosiale nettverk på tvers av kloden.

Snapchat

Snapchat blir brukt til personleg kommunikasjon. Flyktige bilete og videoar kan vere ein rask og morosam måte å dele augneblink med vener og familie på. Tonen er som regel leiken og uformell.

Spotify

Eit anna døme på affordans er korleis eigenskapar ved strøymeplattforma Spotify har påverka utforminga av popmusikk. Plattforma tilbyr uavgrensa med musikk, og ein song må spelast i 30 sekund for at artisten skal få pengar for avspelinga. Viss du ikkje liker ein song, er det berre å klikke på "skip". Dette har ført til at mange artistar legg vekt på å gjere dei første 30 sekunda så fengjande og spennande som mogleg (Hogan, 2017).

Twitter

Eit siste døme på affordans er korleis vi formar ut Twitter-meldingar. Plattforma har ei avgrensing på 280 teikn i ei melding, noko som gjer at du må skape ytringar som kommuniserer effektivt. Frode Grytten fortel ei heil historie med få ord i twitternovellene sine.

Gut (16) har forskansa seg i ein hettegensar. Situasjonen har vore fastlåst i to-tre år. Dei får inn mat og drikke, men guten kjem ikkje ut. (Grytten, 2012)

Tenk over / diskuter

Folk som skreiv lesarinnlegg i papiravisene, fekk ikkje like mykje hets som dei som skriv slike innlegg i nettaviser i dag. Kva for nokre teknologiske affordanser kan vere med på å forklare denne utviklinga?

Kjelder

Greeno, J. (1994). Gibson's Affordances. Psychological review, 101(2), 336–342. https://www.researchgate.net/publication/15176211_gibson's_affordances

Grytten, F. (2012, 30. november). Twitternovelle. https://twitter.com/frodegrytten/status/274462816071716864?cxt=HHwWgMCQgMSei88HAAAA

Hogan, M. (2017, 25. september). Uncovering How Streaming Is Changing the Sound of Pop. Pitchfork. https://pitchfork.com/features/article/uncovering-how-streaming-is-changing-the-sound-of-pop/

Løvland, A. (2007). På mange måtar: Samansette tekstar i skulen. Bergen: Fagbokforlaget.

Løvland, A. (2010). Multimodalitet og multimodale tekstar. Vide om læring (7), 1–5.https://videnomlaesning.dk/media/1607/anne-lovland.PDF

Ong, W. (1982). Orality and Literacy: The Technologizing of the Word. Routledge.

Pyysiäinen, J. (2021, 8. februar). Sociocultural affordances and enactment of agency: A transactional view. Theory and psychology, 31(4),491–512. https://doi.org/10.1177/0959354321989431

Svennevig, J. & Henriksen, A. H. (2017, 14. desember). Modalitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/modalitet

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar