Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar

I denne ressursen vil du finne fire oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar. Du kan velje mellom ein etosfylt brosjyre frå Leger Uten Grenser, ei personskildring av Harry Potters stebror, ein musikkvideo full av referansar til Munch og ein kampanje frå Norwegian som adresserer flyskam.
Ein mann held eit forstørringsglas som zoomar inn på ei rekkje menneske. Vi ser ansikta i froskeperspektiv, og dei tilhøyrer menn og kvinner i ulik alder. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Vedlegg:

Analyser teksten og vurder samspelet mellom dei ulike uttrykksformene i den vedlagde teksten. Bruk omgrep frå retorikken.

Oppgåve 2

Vedlegg:

Vurder samspelet mellom verbalteksten og biletet på s. 17–18 i utdraget. Kommenter deretter korleis skildringa av Dudleifs utsjånad er tilpassa målgruppa til boka.

Oppgåve 3

Vedlegg:

Tolk den samansette teksten og vurder kva funksjon dei visuelle og verbale referansane til Munchs verk har.

Oppgåve 4

Analyser teksten og vurder samspelet mellom dei ulike uttrykksformene i den vedlagde teksten. Bruk omgrep frå retorikken.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar