Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digitale demonar

"Du har kanskje lurt på kva demonar frå mellomalderen kan lære oss om sosiale medium? Heldigvis kan eg ein song om akkurat det", skreiv Bår Stenvik om videoen som promoterer boka hans. Korleis opplever du innhaldet i den samansette teksten? Sjå nærare på detaljane og analyser videoen.
Demonfigur plassert inn i eit fjellområde. Demonen ligg i ei eng av data, kodar og talmateriale i blått, grønt og brunt. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Digital demon?

  1. Kva forbind du med ein demon, og kva får uttrykket "ein digital demon" deg til å tenkje på? Noter nokre stikkord og teikn nokre raske skisser.

  2. Sit saman to og to. Vis skissene til kvarandre og diskuter kva slags assosiasjonar de fekk.

  3. Sjå videoen til Bår Stenvik. Korleis vil de beskrive ein digital demon etter at de har sett framføringa hans?

Manus til videoen

Forfattar: Bår Stenvik (CC-BY-NC-ND)

2: Berre basslinje. Du i ja – å i ja

ANGST
Visste du at de siste tjue åran har vi klart å vekke til live ein av de verste plagan fra middelalderen?

Bare bli med nån hunder år tebake.

Klang på stemma

HEMMELEGHEIT
KVISKRE
I mørket der står en munk alein
Han står i en stor sal og søng
Men han søng itj alein, for når'n avslutte sangen

Stopp

Så en sekker på at stemman te englan som hæng igjen i den store klangen.

Skifte til mikk utan klang

URO
Utafor klosteret e klosterhagen,
og himmeln e høg og greinan e grønn

KOMPRESSOR

3: Fuglelydar

Men sangen fra føglan kunn fyll folk med frykt.
Det kunn væra stemma som snakka i koda
Det va itj engla men no skikkelig stygt
Det kunne vær forkledde demona

1: Sh – fire etterslag

Demonan va mang, og hadd kver sin sang
Mammon frista dem som villa eig meir,
Asmodeus fant dem som villa pul fleir
De visste ka vi tenkt og dem vesst ka vi villa
så Dem vesst at dem visska oss rett ting i øret
når natta va mørk, og vi lå å drømt
om gods og gull eller å bli full, eller få med nån på litt tull

1: Kveserytme 4

TRØYST
Men mot onde ånda
Hadd kirka teknologi
Når demonan kom kunn vi kors oss og be
Og vess du møtt huldra kunne det å hjølp mot det
Og vess en venn ikke va riktig frisk
og du tenkt diagnosen va nå demonisk
Så kunn du å prøv gamle hedenske triks

KLANG
4: Song. (Eg mana deg, bruk første halve linje som andrestemme) strekk ut deg

DISTANSE
Så gikk århundran, og demonan forsvant fra hverdagen

Kutt all lyden

Vi begynte å tenk på demonan som metaforer for våres egne drifta. Mammon og Asmodeus va ikke lenger usynlige skapninga som svirra rundt oss, men impulser som oppsto i vår egen hjerne.

ERTANDE
Da trenger vi ikke lenger være redd for fuglesangen. Men vårres tid har fått sine egne demona, og dem har sin egen mørke skog.

2: Bass igjen. Legg på strupe.

Inn i nettet går vi all alein, men vi itj alein når vi e der.

3: Sample kvitring frå tidlegare?

Der e det pip og pling og plystring
Hei, vil du bli rik på Bitcoin
Hei, vennan din har delt nåkkå.
Hei du, æ e veldig pen, og vil bli vænn med akkurat dæ

KOMPRESSOR

5: Legg Beats tchkikitikitikititiki

ÅTVARANDE
Nån sjer at du bli sint på Trump
At nabon e sint på Tesla
Dem veit kem som e redd for klimaet
Og kem som e redd for å bli tjukk
Og kem kan det værra som friste oss
Og veit ka vi e mest redd for
Kem e det som leve av vårres valg
mens vi levve i demmes vold?

Vel – ethvert middelaldermenneske ville gjenkjent sånne skapninger som demoner.

1: hihat/kvesing

Men de digitale demoner vi har no, er forskjellig fra middelalderen sine på en viktig måte. De algoritmiske demonan finnes på ordentlig, og dem jobbe ikke for Satan, men for store selskap. Og dem sug opp data fra dæ og mæ.

KLANG
Teknologisk slurpelyd
Stopp

Wzzzziouzkfff slsst

ATTENBOROGUH
Velkommen tilbake til mellomalderen. Ifølgje kyrkja jobba demonane til sjuande og sist for Gud. Sånn måtte det vere, for han var jo allmektig. Demonane var ein slags frilansagentar som jobba på lisens med å freiste folk til Satan, så Gud kunne sjå kven som klarte å stå imot. Tanken var at demonane samla data om oss.

Forretningsmodellen for kyrkja i mellomalderen var å selje beskyttelse. For sjølv om det var kyrkja som hadde dikta opp demonan, var jo tankane heilt verkelege.

1: Kvesing

Så når natta kom og tankan sprang
te naboen sine saftige lår
Da vesst du at demonen hadd et navn

Asmodeus, demonen for lyst og kåtskap. Jeg vet hvem du er. Jeg vet hva du vil og kem du jobbe for!

Å demonan fantes itj men vi vesst ka dem villa
Å dem fantes itj men dem gjord sæ bemærka
Men i dag finnes dem, mana fram
i eittal og nulla, mana fram
algoritma som rytma i – kverdagen
Dem finnes, men dem gjør sæ itj bemærka

2: Sette på basslyden

Dei summar rundt i bakgrunnen av appane dine. Og du må grave deg langt inn i menyen og lese lange kompliserte tekstar om du skal finne namnet deira, og kva dei eigentleg gjer. Viss du faktisk skulle ha lese alle avtalane ein gjennomsnittleg person godtek i løpet av eit år, ville det ta 76 arbeidsdagar. Og sjølv då ville dei fleste av oss ikkje forstå kva det betyr. Derfor klikkar dei fleste berre OK.

1 og 2: Pause lyden for OK pling

Dem love peng og dem love paradis
bare vi kike og svare og klikke
på varsla som plinge og pip i et sett
Heilt te det e vi som fan mæ klikke
Fordi vi laga et helvete på nett

Og – æ veit itj om du har hørt det, men etter tyve år med annonser på internettet veit vi ikke en gang om dem er særlig effektive. Kirka i gamle dager bløffa om kor farlig demonan va, og teknologiselskapene i dag bløffer til annonsørene om kor flink algoritmene e te å sell oss ting.

Og ka vil dem egentlig? Dem vil ha makt
men akkurat koss e patentbelagt
så det finnes ei pakt vi e nødt te å slakt.

Og da trøng vi gode hjelpere. En slags moderne åndemanere, som Datatilsyn og Forbrukerråd. Dem må krev innsyn i algoritmene og tving dem fram i lyset, så alle kan se hvor de kommer fra, og hvem dem jobber for. Så vi kan sei: Vi veit kem du e, vi veit ka du vil.

SNAKKE INN, DU JA DU JA, DU DER

3: Linje. Du ja.
4: Manevise
5: beats, syngje

ROPAR
MEN – vil vi eigentleg ha ei verd full av digitale demonar? Eller finst det ein annan måte å organisere internettet på? Der ikkje alt handlar om å få oss til å sjå på annonsar eller klikke på linkar? Der ikkje alt er eit ustoppeleg mas etter merksemda vår?

Stopp

For dette er jo ikkje overnaturlege vesen. Det er dataprogram, som ikkje ein gong er særleg smarte, men berre bruker matematiske formlar for å utnytte impulsane dine. Dei er laga av menneske, som må følgje lover og reglar.

Så … om vi gjorde målretta annonsering ulovleg, og fann ein annan finansieringsmodell for internettet, kunne vi kanskje ha eit internett fullt av englar i staden?

Nynnar

Som ikkje snakka til svakheitene våre og freista oss, men heller hjalp oss å forstå ting og leve gode liv? Sånn som vanlege folk gjer på Wikipedia og i nettforum overalt utan å tene pengar på det.

Nynnelinje 2

Kanskje vi kunne vere kvarandre sine englar og seie ting som: Hei, ka med å skru av telefonen din litt og bli med ut og hør på føglan?

Sssj
Stopp lyden

Del 2: Analyser videoen Digitale demoner

Videoen er ein samansett tekst med vekt på verbal og auditiv kommunikasjon. Det vil seie at hovudinnhaldet blir formidla gjennom ord, lydeffektar og stemmebruk. Bår Stenvik bruker ikkje førehandsinnspelte lydar, men lagar alle samplene undervegs med stemma si. I tillegg bruker han kroppsspråk i framføringa. Videoen er filma samanhengande, utan bruk av klipping.

Vi har laga ein mal som kan hjelpe deg trinn for trinn når du skal analysere teksten.

1. Få eit overblikk over teksten

Begynn med heilskapen og det å plassere teksten i ein samanheng:

  • Kven er avsendar?

  • Kva handlar teksten om?

  • Kva er formålet med teksten?

  • Kva slags sjanger tilhøyrer teksten? Har teksten element frå fleire sjangrar?

  • Når og kor blei teksten publisert?

  • Kven er målgruppa?

2. Beskriv tekstelementa

Verbaltekst

Verbal betyr ord. Her skal du sjå nærare på korleis språket er brukt i teksten. Bruk gjerne manuset for å lese verbalteksten i samanheng:

  • Kva slags språkfunksjonar finn du? Er teksten informativ, ekspressiv eller appellativ?

  • Kva spørsmål stiller Stenvik i innleiinga, og kva forventningar skaper dette?

  • Korleis følgjer Stenvik opp spørsmålet undervegs i filmen?

  • Argumenterer teksten? Kva er argumenta, og korleis fungerer dei? Er det brukt open eller skjult argumentasjon?

  • Korleis vil du beskrive stil og tone i språket? Er språket til dømes formelt, personleg, ungdommeleg eller poetisk?

  • Korleis fungerer bruken av dialekt?

  • Kva slags ord er brukte for å beskrive tema i teksten? Er ordvalet nøytralt, eller er det valt spesielt negativt eller positivt lada ord?

  • Kva slags språklege verkemiddel er brukte i teksten, og kva slags funksjon har dei? Døme på slike verkemiddel er kontrastar, gjentakingar, språklege bilete, over- eller underdrivingar.

  • Korleis fungerer den skriftlege teksten i sluttplakaten?

Relatert innhald

Om forskjellen mellom open og skjult argumentasjon, og om korleis desse to omgrepa samsvarer med dei retoriske fagomgrepa etos, logos og patos.

Auditive element

Auditiv betyr noko som vi kan høyre.

  • Beskriv lydeffektar og stemmebruk, og sjå på kva slags funksjon desse har i teksten.

  • Understrekar dei auditive elementa det verbale innhaldet, eller blir dei ein kontrast til dette?

  • Korleis skaper lydane og stemmebruken stemning eller assosiasjonar?

Relatert innhald

Lyd kan skape bilete eller vere med på å fylle ut dei bileta du ser. Her kan du lære korleis lyd kan brukast som verkemiddel i ulike medieproduksjonar.

Visuelle elementer

At noko er visuelt, vil seie at det består av synsinntrykk.

  • Kva er førsteinntrykket du får av Bår Stenvik? Kva formidlar han gjennom klede og kroppsspråk?

  • Korleis blir scene og lyssetjing brukt?

  • Korleis fungerer biletet i sluttplakaten?

  • Korleis bidreg dei ulike visuelle elementa til å uttrykkje og understreke innhaldet i teksten?

3. Samspelet mellom elementa

Vurder korleis samspelet mellom elementa bidreg til å skape meining i teksten. Svar med å vise til noko konkret i videoen:

  • Dominerer eitt eller fleire element?

  • Korleis bidrer måten dei ulike elementa er sette saman på, til å skape innhald og formidle bodskapen i teksten?

  • Forsterkar eller utfyller elementa kvarandre, eller motseier dei kvarandre?

  • Dramaturgi betyr korleis handlinga blir bygd opp. Kva for grep blir gjorde for å drive forteljinga framover?

  • Korleis blir digitale verktøy brukte til å skape utvikling i teksten?

Relatert innhald

4. Vurder og kommenter heilskapen

Til slutt oppsummerer du og reflekterer rundt teksten som heilskap igjen.

  • Korleis vil du oppsummere tematikken i teksten etter å ha sett nærare på detaljane?

  • Korleis vil du plassere temaet og teksten i ein kontekst?

  • Korleis vurderer du denne teksten? Blir det som er formålet med teksten oppnådd?

  • Når bodskapen fram til mottakarane og målgruppa på ein god måte?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar