Oppgåve
Analyser tidsskrift frå det okkuperte Noreg
I denne oppgåva skal du analysere innhaldet i dei tre blada Huginn, Munin og Nasjonalungdommen.
Huginn var eit tidsskrift for norske studentar og skulle formidle den nye tida sin ideologi til denne viktige målgruppa for NS.
Munin var eit månadleg biletblad for ålmenta og skulle formidle "ideologisk rett" kulturstoff til det norske folket, styrt av NS-styresmaktene (NS = Nasjonal Samling). Det var etter standarden for den tida svært påkosta og forseggjort.
Nasjonalungdommen var organet for ungdomsorganisasjonen NSUF (Nasjonal Ungdomsfylking).
Filer
- Huginn(PDF)
- Munin(PDF)
- Nasjonalungdommen(PDF)
- Kva type stoff inneheld dei tre blada?
- Korleis vender dei seg til lesaren?
- Kva karakteriserer bileta, og kva formidlar dei?
Formuler hovudbodskapen i desse blada i tre til fem setningar.