Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er samansette tekstar?

Ein samansett tekst er ein tekst som inneheld minst to ulike uttrykksmåtar, som til dømes lyd, bilete, skrift eller video. Uttrykksmåtane speler saman og gir teksten meining. Mange av tekstane du omgir deg med, er samansette.

Modalitetar

Vi bruker ulike uttrykksformer til å skape meining i ulike situasjonar. Det kan til dømes vere gjennom skrift, tale, bilete, dans eller musikk. Ei slik uttrykksform kallar vi for ein modalitet. Ulike modalitetar har ulike eigenskapar som gjer dei betre eigna til å formidle visse typar innhald enn andre modalitetar. Eit foto gjer det enkelt å kjenne igjen ein person, medan skrift kan gi oss opplysningar om kva personen heiter.

Multi- er ei forstaving som betyr mange- eller fleire-. Ein samansett tekst inneheld minst to modalitetar, og fagordet for slike tekstar er multimodal tekst . Døme på multimodale tekstar er TV-program, filmar, nettsider, plakatar, reklamar og musikkvideoar.

Når du arbeider med samansette tekstar, er det viktig å kunne seie noko om samspelet mellom elementa dei består av. Kvar modalitet vil ha sine eigne kjenneteikn, men det interessante er å sjå kva som skjer når dei blir sette saman. Vi skal sjå på nokre slike døme.

To reklameplakatar for 7-Eleven er sette opp på ei togplattform på Oslo S. Dei består av flotte bilete av fjord, fjell og eit blondt par i bunad og ein tekst som seier "Welcome to Norway – the land of Chlamydia".  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musikk – kombinasjon av lydeffektar

I filmklippet under høyrer du fysiske lydar som vind og steg saman med musikk. Korleis påverkar dette opplevinga di av dei levande bileta?

Musikk består òg ofte av mange ulike element, som song, tale, sampling og digitale og analoge (fysiske) lydar og instrument. I tillegg kjem lydproduksjonen som bidreg til å skape spesielle lydbilete ved å leggje på effektar og behandle lyden i eit studio. Somme element i musikken blir framheva, medan andre kjem i bakgrunnen. Det finst svært mange musikalske uttrykksformer og musikksjangrar som har eigne måtar å kombinere desse elementa på.

Tenk over / diskuter

Finn fram noko musikk du liker for tida. Kva for ulike typar lydelement høyrer du, og kva slags lydbilete skaper dei saman?

Musikkvideoar

I musikkvideoar blir tekst, musikk og bilete kombinerte på ein måte som kan framheve betydingar og stemningar i lydsporet, eller skape heilt nye betydingar.

I videoen til Magne Furuholmens låt "This is now America" er dei visuelle elementa laga av teaterduoen Vegard Vinge og Ida Müller. Lyssetjinga og bevegelsane til skodespelaren er to av elementa som bidreg til å skape ein meiningsfull heilskap. Andre element er handskrivne bokstavar og teikningar, TV-klipp, kulissar og kostyme. Videoen speler på mange kjende referansar frå populærkulturen, som ulike reklamebodskapar, produkt, dataspel, spelefilmar og plateutgivingar.

Tenk over / diskuter

Vel ein musikkvideo du liker.

  • Kva legg du merke til i måten filmen bruker modalitetane på?

  • Korleis synest du samspelet mellom modalitetane fungerer?

Demonstrantar i fargerike finlandshetter held plakatar med logoen til Amnesty International og bodskapen "Free Pussy Riot!" på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klede som tekst

Det utvida tekstomgrepet gjer at ein konsert, ei utstilling og ei teateroppsetjing kan vere ein samansett tekst. Det betyr at klede, fargar og rommet (til dømes ein scene) òg kan vere meiningsfullt å utforske i arbeidet med samansette tekstar.

Kleda du har på deg, kommuniserer noko om kven du er, og for artistar kan klesdrakta vere ein viktig del av imaget. Kleda deira, saman med musikken og resten av showet, utgjer eit element av ein samansett tekst der mange modalitetar blir kombinerte.

En kvinnelig rocker spiller på gitar. Hun har langt, mørkt, flagrende hår, har T-skjorte på seg og tatoveringer på armene. Hun spiller for et publikum fra en scene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva bør du hugse i eige arbeid med samansette tekstar?

Tekstane vi omgir oss med, er designa for eit formål. Når du skal analysere ein multimodal tekst, skal du sjå nærare på korleis dei ulike elementa er sette saman for å skape meining. Start med heilskapen før du utforskar enkeltdelane i teksten. Legg vekt på samspelet mellom dei ulike uttrykksformene.

I eigne tekstar vel du kva du vil formidle og kva modalitetar som eignar seg best til dette. Ver bevisst på korleis samspelet mellom dei kan gjere at dei forsterkar eller utfyller kvarandre. Du kan òg bruke uttrykksformene slik at dei motseier kvarandre og på denne måten skaper ei ny betyding.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes, Caroline Nesbø Baker og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar