Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Sei meininga di med garn!

Korleis kan de vise engasjement gjennom tekstil? Garnbombing og geriljabroderi har blitt internasjonale fenomen. Begge omgrepa gir assosiasjonar til å gå til krig mot noko. Vel ei sak de brenn for, finn fram synål, heklenål eller strikkepinnar og samarbeid om å formidle ein bodskap.
Ein tanks er dekka av hekla og strikka tekstil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Garnbombing og geriljabroderi som fenomen

  1. Søk på "garnbombing", "strikkegraffitti" eller "yarnbombing" og på "geriljabroderi" eller "agressive broderi".

    Finn ut

  • kva garnbombing og geriljabroderi er

  • korleis garnbombing har blitt brukt som gatekunst

  • korleis garnbombing og geriljabroderi blir brukte til å formidle ulike bodskapar

Broderi med teksten: "Save the Artic, not the oil companies!". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Samanfatt kva garnbombing og geriljabroderi er saman med ein medelev. Bli einige om eit godt døme som de vil vise til resten av klassen.

    • Korleis tolkar de bodskapen i dømet de har valt?

    • Beskriv korleis garnbombing kan vere ein tekst.

    • Korleis fungerer eit geriljaborderi som ein samansett tekst?

Tekstil og tekst

Omgrepet "tekstil" har same opphav som "tekst". Begge omgrepa stammar frå det latinske ordet textilis. Det betyr noko som er vove eller fletta saman.

I eit utvida tekstomgrep treng ikkje ein tekst bestå av ord. Tekstil kan òg formidle ein bodskap.

Geriljabroderi med teksten Faen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Finn ei sak som engasjerer klassen

  1. Bli einige om ei sak som engasjerer klassen.

  2. Korleis kan de uttrykkje ein bodskap om denne saka gjennom tekstile teknikkar?

    Ha ei felles idémyldring i klassen. Her kan de til dømes la alle skrive ned ulike idéar på gule lappar og plassere dei inn i eit felles tankekart.

Del 3: Gruppearbeid

Vel ein idé som gruppa vil jobbe vidare med og diskuter korleis de vil formidle bodskapen gjennom tekstil. Vil de bruke garnbombing eller geriljabrodering?

Korleis kan de bruke verbaltekst, fargar og symbol til å framheve bodskapen dykkar?

Broderings- og masketeknikk

Broderi

Det finst mange ulike typar sting og broderingsteknikkar. Til geriljabroderi blir korssting og kontur- eller stilkesting mykje brukt.

Masketeknikk

Ei maske er ei garnløkke. Vi har lange tradisjonar på å bruke masker til å lage tekstilar. Dei mest vanlege teknikkane er strikking og hekling. I garnbombing blir teknikkane brukte på nye måtar.

Sjå filmen under og la dykk inspirere av korleis ei gruppe samarbeider om eit garnbombingsprosjekt.

  1. Vel ein teknikk, finn ein instruksjonsvideo på nettet og lag ein prøvelapp.

  2. Bli einige på gruppa om kva format de vil jobbe i. Planlegg korleis de vil setje saman alle bidraga til eit felles uttrykk.

  3. Gjennomfør garnbombinga eller lag geriljabroderiet!
    Ta bilete av det ferdige uttrykket.

Diskuter i klassen

Sjå på det ferdige resultatet saman. Aktuelle spørsmål å ta opp kan vere:

  • Kvifor blir omgrepa garnbombing og geriljabroderi, som kan gi assosiasjonar til krig, brukte?

  • Korleis har de uttrykt eigne meiningar gjennom tekstil?

  • Korleis har de jobba med å utvikle ein idé i fellesskap?

  • Korleis fungerer uttrykket som ein samansett tekst?

  • Kva dilemma kan oppstå viss de plasserer arbeid i det offentlege rommet?

  • Korleis fungerer tekstil som eit medium for å uttrykkje meiningar? Samanlikn gjerne med eit debattinnlegg.

Modell som viser forholdet mellom avsendar, melding, mottakar og kontekst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar