Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er Nålens makt?

Korleis uttrykkjer du kven du er og kva du står for? For mange er det naturleg å gripe til ord og bilete. Her skal du sjå nærare på korleis du kan bruke nål og tråd.

Oppgåve 1

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva forhold har du til broderi?

  2. Viss nokon bad deg brodere noko som seier litt om kven du er, kva hadde du brodert då?

Del 2: Sjå filmen

  1. Kva var formålet med prosjektet "Nålens makt"?

  2. Kva seier filmen om kvifor broderi og kunst eignar seg til å uttrykkje eigen identitet?

  3. Kvifor set dei eit spesielt fokus på kvinner i dette prosjektet?

Del 3: Uttrykk deg sjølv!

  1. La deg inspirere av filmen Nålens makt og lag ei teikning på ca. 15 x 15 cm som viser noko om kven du er ved hjelp av ord, symbol og fargar. Det er ikkje viktig at teikninga er "fin" og detaljert.

  2. Lag ei utstilling i klasserommet med teikningane (eller broderia viss de har lyst til å lage det). Fortel etter tur kva de tenkte då de laga teikningane/broderia.

Oppgåve 2

Del 1: Sjå nærare på eit broderi

Vel eitt av broderia under og skriv ein analyse av det. Du kan òg gå inn på den digitale utstillinga "Nålens makt" og finne eit anna broderi der.

Hjelp til analysen

Innleiing: Presenter broderiet

  1. Har broderiet tittel?

  2. Veit vi namnet/pseudonym på kunstnaren? Årstal det er laga?

  3. Sei litt om samanhengen broderiet blei skapt i og der det er plassert.

Hovuddel: Kva ser du? (skildring/denotasjon)

  1. Beskriv kort motivet – det du ser i broderiet.

  2. Beskriv dei mest sentrale komposisjonsprinsippa: til dømes plassering av motivet og bruk av blikkfang, biletutsnitt, former, vassrette/loddrette/diagonale linjer, retning, fargar, gjentaking og kontrastar.

  3. Viss det er verbaltekst i broderiet – kva står det?

Kva betyr det du ser? (tolking/konnotasjon)

  1. Kva var førsteinntrykket ditt av broderiet?

  2. Kva assosiasjonar får du? Skaper det ei stemning eller kjensler?

  3. Finn du nokon symbol? Kva konnotasjonar gir desse?

  4. Korleis tolkar du verbalteksten, og korleis fungerer han i samspel med resten av broderiet?

  5. Korleis framhevar komposisjonsprinsippa innhaldet?

  6. Speler broderiet på andre tekstar? (intertekstualitet)

  7. Kva oppfattar du er temaet i broderiet?

  8. Har broderiet eit formål, ein funksjon eller ein politisk bodskap?

  9. Korleis får verkemidla/komposisjonen fram bodskapen/formålet?

Avslutning: Løft blikket

  1. Korleis er samanhengen mellom form (teknikk og komposisjon) og innhald (tematikk/ handling /formål) i broderiet?

  2. Er broderiet aktuelt/viktig /engasjerande/interessant/ provoserande? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3

  1. Gå saman to og to og les teksten kvar for dykk først: Éin les artikkelen "Frå bøn til banning – broderi som tekst", den andre "Mem – samspel mellom verbaltekst og bilete".

  2. Fortel att hovudinnhaldet for kvarandre og skriv ned stikkord frå det den andre fortel.

  3. Diskuter: Kva er likskapane mellom eit geriljabroderi og eit mem? Kva er forskjellane?

  4. Vel eit broderi og eit mem de vil samanlikne frå artiklane. Opprett eit felles dokument der ein av dykk skriv om broderiet og den andre om memet. Samarbeid så om å skrive ei samanlikning av dei to tekstane. Avslutt med å lage ei innleiing og skape tekstbinding mellom avsnitta.

  5. Diskuter til slutt: Kva styrke har høvesvis broderiet og memet som uttrykksmåte? Kva svakheiter har dei?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar