Hopp til innhald

Fagstoff

Galleriet

Velkommen inn til Galleriet! Her vil du møte biletkunst og litteratur frå renessansen til postmodernismen. Målet er at du skal utforske og samanlikne tekst og måleri frå dei ulike periodane. Du kan òg sjå videoar og høyre musikk frå nokre av epokane.

Kvifor Galleriet?

Målet med Galleriet er at du skal utforske kva kunstnarane og forfattarane var opptekne av i ulike periodar. Når du studerer både biletkunst og litteratur frå ein epoke, får du ei god forståing av kva målarane og forfattarane var opptekne av.

Utforsk ein epoke

Til dømes: Lurer du på kva "romantikken" var for noko? Gå inn i rommet som heiter Romantikken og lytt til Griegs musikk medan du ser på biletkunst og les litteratur frå perioden.

Samanlikn epokar

Du kan òg samanlikne ulike periodar i Galleriet. Korleis viser til dømes bileta og tekstane i rommet kalla Ekspresjonismen at realismen sine ideal om å avbilde verkelegheita mest mogleg naturtru blir forlatne? Då går du inn og utforskar dei to romma Realismen og Ekspresjonismen.

Velkommen inn til eit annleis galleri!

Utforsk epokar

Filer

Samanlikn epokar

Filer

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar