Biletbøker – oppleving og analyse - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Biletbøker – oppleving og analyse

Korleis kan samspelet mellom ord og bilete skape fleire lag i leseopplevinga? I filmane fortel Stian Hole korleis han jobbar med illustrasjonar og skriftleg tekst i bøkene sine. Han oppmodar deg til å dra på oppdagingsreise gjennom litteratur og gir deg nokre tips til analyse av biletbøker.
Video: Stian Hole , Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Biletbøker er som er sett saman av illustrasjonar og skriftleg tekst. Dei kommuniserer både og verbalt, og forteljinga blir til gjennom samspelet mellom bilete og ord. Vi kan sjå på biletbøker som ei eiga litterær kunstform.

Allalderlitteratur

Ei biletbok kan ha fleire lag i teksten. Som ungdom forstår du symbol og kan kjenne igjen referansar som eit barn ikkje får med seg. Vi seier at ein tekst kan ha ei "dobbel forteljarstemme". Til dømes kan både barn og vaksne le godt av ei humoristisk biletbok, men dei ler gjerne av ulike ting. Slik kan biletbøker formidle historier som lesarar i alle aldrar kan kjenne seg igjen i.

Eigne erfaringar påverkar korleis vi opplever litteratur, og ulike aldersgrupper kan identifisere seg med handlinga og karakterane ut frå ståstaden sin. Tekstar som vender seg til både barn og vaksne, blir kalla allalderlitteratur eller allalderbøker.

Stian Hole gir råd om kva du kan leggje merke til når du skal analysere ei biletbok. Video: Stian Hole , Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Analyse

Ver open når du les ei biletbok og legg merke til kva historia får deg til å tenkje eller kjenne. Korleis er lesaropplevinga di?

I ein analyse skal du sjå nærare på detaljane og korleis dei påverkar heilskapsopplevinga av biletboka. Forklar kva slags eigenskapar dei ulike elementa har, og kva slags funksjon dei får i teksten. Her finn du ein mal som kan hjelpe deg i dette arbeidet. Ikkje alle punkta under er relevante for alle tekstar, så du må velje ut dei som passar til teksten du jobbar med.

Presenter teksten

Byrj med heilskapen og det å plassere teksten i ein samanheng:

  • Kven er forfattar og illustratør, og når blei boka publisert?

  • Kva er tema i biletboka?

  • Kven er målgruppa? Er det fleire målgrupper, altså fleire lag i teksten som vender seg til ulike aldersgrupper?

  • Dominerer bileta eller verbalteksten, eller er dei likeverdige?

Verbaltekst

Verbal betyr ord. Her skal du sjå nærare på korleis språket er brukt i teksten:

  • Korleis formidlar den skriftlege teksten ei historie, og korleis er ho bygd opp for å skape spenning?

  • Kvar ligg synsvinkelen? Forklar kven vi opplever historia gjennom.

  • Korleis vil du beskrive stil og tone i språket? Er språket til dømes personleg, ungdommeleg eller poetisk?

  • Kva slags ord er brukt for å beskrive tema i teksten? Er ordvalet nøytralt, eller er det valt spesielt negativt eller positivt lada ord?

  • Kva slags språklege verkemiddel er brukte, og kva slags funksjon har dei? Døme på slike verkemiddel er kontrastar, gjentakingar, språklege bilete og over- eller underdrivingar.

  • Finn du døme på intertekstualitet? Det vil seie at teksten refererer til andre tekstar.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Visuelle element

At noko er visuelt, vil seie at det består av synsinntrykk og bilete. Dei visuelle elementa i ei biletbok er som regel organisert i oppslag. Det vil seie at du opplever to og to sider samtidig.

  • Beskriv bilete, og .

  • Korleis er plassering av element og fargebruk med på å leie blikket ditt?

  • Viss nokon element eller komposisjonar blir gjentekne på fleire sider, kan dette skape ein rytme. Finst det ein slik rytme i boka?

  • Korleis bidreg dei ulike visuelle elementa til å uttrykkje og understreke innhaldet i teksten?

  • Finn du bruk av kontrastar, symbol eller intertekstualitet?

Samspel mellom verbaltekst og bilete

Samspelet mellom bilete og skriftleg tekst blir kalla ikonotekst. Vurder korleis samspelet mellom ord og illustrasjonar fungerer i biletboka:

  • Korleis er bilete og ord sette saman, og korleis bidreg dette til å formidle ei historie?

  • Korleis blir personar og miljø skildra gjennom ord og bilete?

  • Fortel verbalteksten og bileta den same historia, eller forsterkar eller utfyller dei kvarandre? Ord kan utdjupe og gjere det tydelegare kva eit bilete skal formidle, eller dei kan utvide betydninga ved å fortelje litt meir eller noko anna enn biletet.

  • Tekst og bilete kan òg motseie kvarandre. Kva slags verknad skaper i såfall misforholdet mellom ord og bilete?

Vis til konkrete døme og forklar korleis samspelet kan påverke opplevinga til lesaren av den samansette teksten.

Skriftleg tekst på biletoppslaget

"Veit du at NASA har send opp eit kjempeteleskop i verdsrommet? Det heiter Kepler. Det har Frimerke-mannen fortalt. Det skal leite etter jordas søster," seier Garmann. "Trur du det finst ein planet der ute som er heilt lik vår?" spør Johanne. "Håpar ikkje det," seier Garmann og hoppar ned frå greina.

Henta frå Garmanns hemmelighet av Stian Hole (2010).

Samanfatt

Gi ei vurdering av heilskapen:

  • Korleis opplever du biletboka?

  • Korleis vil du samanfatte tematikken i teksten etter å ha sett nærare på detaljane?

  • Har teksten ein bodskap han vil formidle? Korleis når i så fall denne fram til målgruppa?

  • Kan du plassere temaet og teksten i ein kontekst?

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2022