Hopp til innhald

Fagstoff

Frå bøn til banning – broderi som tekst

Tenkjer du på bestemødrer, kamferdrops og puter med korssting når du høyrer ordet "brodering"? Vi har brodert i tusenvis av år, men både motiv og teknikkar har utvikla seg gjennom tidene. Broderi har, og blir framleis, brukt til både dekorasjon og formidling av bodskap.
Eit broderi av KØDD. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Broderi som tekst

Hånd som broderer blomster på et tøystykke inni ei ramme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har heilt sikkert blitt bede om å brodere i løpet av ungdomsskulen. Med nål og tråd har du dekorert eit stoffstykke med eit motiv, anten sjølvvalt eller etter eit mønster du fekk. Antakeleg lærte du nokon ulike typar sting òg. Brodering er ein handverkstradisjon som har vore viktig å formidle i norsk skule.

Men no møter du ikkje berre brodering i skulen eller hos bestemor. Brodering har blitt ein populær hobby igjen. Kanskje har du sett broderi som liknar det som ligg øvst her, med banneord eller morosam tekst? Dette seier noko om at broderi ikkje er ein utdøydd "sjanger". Teknikken blir i dag òg brukt til å lage kommentarar til tradisjonell kultur og konservative haldningar.

Det alle broderi har til felles, er at dei fortel ei historie, anten direkte eller indirekte, om kulturen vår. Broderiet kan vere sett saman av ulike symbol, motiv og verbaltekst, og vi kan analysere eit broderi på same måten som vi analyserer eit bilete eller ein samansett tekst.

Omgrepet tekstil har same opphav som "tekst". Begge omgrepa stammar frå det latinske ordet "textilis". Det betyr noko som er vove eller fletta saman.

Broderi som samfunnskritikk

I filmen under møter du ei dame som har teke opp igjen det ho lærte på skulen og bruker brodering til å ytre dei politiske haldningane sine:

Litt broderihistorie

Arkeologar har funne broderi som stammar heilt tilbake frå steinalderen – altså meir enn 5000 år gamle broderi. Dei eldste var enkle mønster og bordar. Etter kvart utvikla broderikunsten seg, og frå mellomalderen har vi fleire kjende broderte tekstilar som avbildar bibelhistorier og kjende slag.

Mellomalderens broderitekstar

Eit av dei mest kjende broderia er Bayeuxteppet frå rundt år 1070. Det er eit veggteppe som er 70,34 meter langt og 0,5 meter breitt. Det fortel historia om slaget ved Hastings i 1066, og det framstiller veldig detaljert alle omstende før, under og etter slaget.

Les meir om Bayeuxteppet på snl.no

Brodert motiv på bayeuxteppet. Menn med våpen og rustning og ein mann til hest drep krigar med sverd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mellomalderen broderte både menn og kvinner, og ofte var dei knytte til profesjonelle verkstader ved hoff eller kloster. Ingen veit sikkert kven som har brodert Bayeuxteppet. Antakeleg har det vore mange som har jobba med det store teppet, på bestilling frå ein kongeleg. Det var viktig for herskarane på den tida å fortelje sin versjon av den dramatiske historia i både tekst og bilete.

Oppbyggjelege broderitekstar

På 1800- og 1900-talet var brodering noko som først og fremst kvinner dreiv med. Det blei forventa at kvinnene til borgarklassen meistra broderikunsten, ein passande aktivitet for dei som hadde få andre plikter enn å vere hustru og selskapsdame.

For kvinner i bygdene var brodering ei kjelde til ekstrainntekt som blei utført under sparsam belysning på kvelden, etter at andre plikter var utført.

Broderi med teksten "Herren er min hyrde". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bibelvers og ordtak omkransa av blomstrar og symbol var vanlege motiv. Desse tekstane fortel mykje om idealet og moralen i denne tida, som at det var viktig å vere flittig, dydig og gudstru.

Betydinga til bunaden

Brodert, fleirfarga bunadslue med band. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brodering av bunadar blei ei viktig inntektskjelde for mange kvinner utover på 1900-talet. Men etter andre verdskrigen kom stadig fleire kvinner ut i jobb, og det var langt færre som hadde tid til brodering. Interessa for bunadar har likevel gjort at brodering framleis er eit levande tradisjonshandverk. Sjølv om bunaden ikkje er ein verbaltekst, fortel bunadsbroderia oss mykje om norsk tradisjon, kultur og tilhøyrsel gjennom symbol og fargebruk.

Vår tids broderitekstar

Framleis blir det brodert bibelvers, ordtak og tradisjonelle mønster i dei norske heimane, men ein ny trend har verkeleg sett broderi på dagsordenen og fått folk i alle aldrar og kjønn til å finne fram nål og tråd igjen. "Geriljabrodering" eller "broderibanning" er to fenomen som overlappar kvarandre. Det er broderi som gjerne kombinerer tradisjonelle motiv med ny og provoserande eller humoristisk tekst. Dette bryt med sjangerforventningane våre til broderiet og er eit sentralt verkemiddel i teksten. Funksjonen til sjangerbrotet er ofte å skape humor.

Bodskapen i geriljabroderiet blir òg skapt gjennom referansar til tidlegare tekstar, altså det vi kallar . Når du tolkar eit geriljabroderi, blir tolkinga di påverka av tekstar du har sett før som liknar, både visuelt og i sjølve verbalteksten (orda).

I døma under blir det brukt tradisjonelle broderiteknikkar og motiv til å ytre ein bodskap med moderne språk og innhald. Når du ser broderiet på avstand, og før du les orda, forventar du antakeleg at det er eit ordtak eller ein oppbyggjeleg og gjerne religiøs tekst. Ler du, eller blir du provosert?

Relatert innhald

Korleis kan de vise engasjement gjennom tekstil? Vel ei sak de brenn for og samarbeid om å formidle ein bodskap.

Kjelder

Kjellberg, A. & Storlien B. (2021, 15. mai). broderi. I Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2021 frå https://snl.no/broderi

Klepp, I.G. (2021, 8. november). tekstil. I Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2021 frå https://snl.no/tekstil

Storlien, B. & Opstad, L. (2021, 15. juli). bayeuxteppet. I Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2021 frå https://snl.no/bayeuxteppet

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar