Hopp til innhald
Oppgåve

Oljeeventyr eller "Mørk saga"?

Rolf Jacobsens dikt "Mørk saga" er skrive i 1954. For oss som lever i Noreg i oljealderen, opplevast Jacobsens dikt imponerande framsynt. Likevel står diktet i skarp kontrast til Norsk olje og gass si framstilling av oljehistoria frå 2013: "Det norske oljeeventyret".

Del 1: Kva veit de om norsk oljehistorie?

Ta ei felles idémyldring i klassen:

  • Kva veit de om norsk oljehistorie?

  • Kva for positive konsekvensar har olja hatt for Noreg?

  • Kva for negative sider har olja hatt for Noreg og resten av verda?

Del 2: Det norske oljeeventyret

Sjå filmen frå Norsk olje og gass på Vimeo.

Eit retorisk blikk på filmen

  1. Filmen blei publisert i 2013. Meiner de at han kunne vore utforma på same måten i dag? Grunngi svaret.

  2. I reklamefilmen blir det til norske folkeeventyr. Kva funksjon har dette?

  3. Diskusjonsspørsmål: Under er tre oppgåver som krev at de bruker fagomgrep og vurderer tekst i kontekst. Sit i grupper på fire og diskuter oppgåvene.

Topos

Når ein god retorikar skal finne argument for å overtyde, må hen finne dei på stader hen veit kan overtyde. Reint forenkla kan vi seie at det kan vere lurt å plukke frå stader det herskar einigheit om. Då vil avsendaren spele på mottakarane sin moral, verdiane deira og korleis ting heng saman.

  • Frå kva stader hentar filmen frå Norsk olje og gass argumenta sine for å nå fram til det retoriske publikummet?

  • Vurder om toposen frå 2013 hadde fungert i dag.

Kairos og aptum

Vil du overtyde, må du ikkje berre vite kva du skal seie eller korleis du skal seie det – du må også kunne velje det rette tidspunktet. Det greske ordet kairos kan omsetjast med "den rette augneblinken". God timing krev at du har "antennene ute" og les situasjonen, slik at du kan tilpasse argumenta, verkemidla og stilen din til situasjonen.

Omgrepet aptum er henta frå latin og betyr "passande, veleigna". Du treng aptumbegrepet når du vurderer om noko i teksten eller konteksten eignar seg eller er formålstenleg. Til dømes kan du vurdere om språk og bilete er godt tilpassa det retoriske publikummet.

  • Vurder kairos og aptum i filmen slik de opplever han.

  • Kva endringar trur de Norsk olje og gass hadde gjort om dei skulle publisert ein slik film i dag?

Del 3: "Mørk saga" av Rolf Jacobsen

I 1954 skreiv Rolf Jacobsen diktet "Mørk saga". Det blei altså skrive lenge før Noreg fann olje og blei eit rikt land.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Mørk saga (prolog til oljealderen)

Diktet "Mørk saga (prolog til oljealderen)" (1954) er ei dystopisk framstilling av mennesket si jakt på olje lenge før den norske oljealderen tok til.

Jobb i grupper

  1. Det første de skal gjere, er å lese diktet høgt for kvarandre. Delar av diktet kan vere vanskeleg å forstå, men målet no er ikkje å forstå alt, men å leggje merke til stemninga og førsteinntrykket de får av diktet.

    Ein i gruppa les diktet høgt for dei andre.

  2. Skriv ned – utan å snakke med kvarandre: Korleis synest de stemninga i diktet er? Kva førsteinntrykk får de av det som kan vere temaet i diktet?

  3. Diskuter og samanlikn svara dykkar.

Jobb åleine

  1. Nærles diktet. Les verselinje for verselinje og gjenfortel dei med eigne ord. Set spørsmålsteikn ved verselinjer du ikkje forstår.

Jobb i par

  1. Gå gjennom diktet og diskuter innhaldet.

  2. Skriv ned alle spørsmål de sit igjen med.

  3. Formuler det de meiner kan vere og tema.

Diskuter i plenum

  1. Gå gjennom diktet verselinje for verselinje. Diskuter innhaldet, slik at alle i klassen meiner dei har forstått motivet i diktet.

  2. Sjå deretter videoen under om diktet (3:40–6:45). Legg merke til kva verkemiddel Espen Stueland omtaler som sentrale i "Mørk saga".

Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Nærles diktet

No skal vi nærlese diktet. Det vil seie at vi skal gå i djupna på korleis Rolf Jacobsen har skrive diktet. Bruk desse spørsmåla til hjelp for å auke forståinga di:

  • Diktet kan sjåast på som todelt. I den første delen blir "Den" og "Vi" omtalt. Kven meiner du "han" er, og kven er "vi"?

  • I den andre delen, som blir innleidd med "Eg er Draken", blir eit "eg" introdusert. Dette "eget" snakkar til eit "du". Kven er "eg", og kven er "du", meiner du?

  • Kvar er denne "Draken", ifølgje diktet?

  • Kva meiner du "Drakens" åtferd mot menneska kan bety?

  • I filmen omtaler Espen Stueland diktet som "skremmande". Finn verselinjer som de synest verkar skremmande. Diskuter deretter kva desse kan bety.

  • Diktet er fullt av referansar til gravferdsritual frå historia. Finn dei og diskuter kva funksjon dei har i diktet.

  • Korleis tolkar de avslutninga av diktet? Kva skal bli menneska sin skjebne?

  • Bruk desse fagomgrepa om verkemiddel i diktet:

    • dystopi

    • brot

    • metafor

    • samanlikning

Del 4: Kven treffer vår tid best?

Diskuter dette spørsmålet i plenum: Kven synest de treffer vår tid best? Norsk olje- og gass i 2013 eller Rolf Jacobsen i 1954?

Relatert innhald