Rudolf Nilsen og Rolf Jacobsen om byen
Sjå videoen over om urbanisering og diskuter:
Kva er bakgrunnen for urbaniseringa på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet?
Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen fortel om både positive og negative sider ved byen. Kva for nokre?
Kva haldningar har de i klassen til det å bu i byen? De kan til dømes diskutere desse påstandane:
Livet i byen er framandgjerande og einsamt.
Livet i byen er eit liv i fridom og med alle moglege val.
Rudolf William Nilsen (1901–1929) voks opp i Oslo. Mange av dikta hans handlar om byen.
A. Jobb aleine
Les diktet "Midt i byen" (under spørsmåla) av Rudolf Nilsen minst tre gonger. Skriv deretter ned svar på desse to spørsmåla:
Kva forhold har det lyriske eget til byen?
Kvifor har eget dette forholdet til byen?
B. I par
Samanlikn svara dykkar.
Bli einige om ei verselinje eller ein frase de synest viser godt haldninga eget har til byen.
Relatert innhald
Rolf Jacobsen blei fødd i Kristiania, men slo seg til slutt ned på Hamar. Han er ein av våre aller mest kjende modernistiske lyrikarar. Les diktet:
Relatert innhald
Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.
Gå gjennom diktet "Signaler" av Rolf Jacobsen på same måte: Først aleine, deretter i par. Svar på dei same spørsmåla som du gjorde til "Midt i byen" av Rudolf Nilsen.
Samanlikn dikta. Du skal ikkje sjå på verkemiddel eller skrivestil enno, men leggje vekt på kva du meiner dikta formidlar, og kva stemning det er i dei. Legg vekt på
motivet
temaet (haldningar til byen)
stemninga og tonen
Når du nærles dikt, går du i djupna på dei og utforskar og vurderer korleis forfattaren bruker ulike verkemiddel for å formidle temaet.
Viss du kjenner deg usikker på fagomgrep om språklege verkemiddel, kan du starte med å ta denne repetisjonsøvinga før du går i gong med nærlesinga:
Nærles diktet "Midt i byen". Skriv ned alle verkemiddel, bruk fagomgrep og samanlikn med notata til ein annan elev for å sjå om de har skrive det same.
Sjå videoen under; ein instruksjonsvideo om korleis de kan nærlese "Midt i byen". Hadde de lagt merke til dei same verkemidla? Diskuter eventuelt nye omgrep som måtte dukke opp.
Nærles diktet "Signaler". Bruk fagomgrep og vis korleis verkemidla formidlar temaet.
Gå saman i grupper og diskuter: Kvifor bidreg verkemidla til å understreke temaet i dikta?
Diskuter i grupper:
Kva for eit av desse dikta synest du best reflekterer den personlege haldninga din til byen? Kvifor?
Dei to dikta er skrivne nesten samtidig, men viser to heilt ulike haldningar til byen. Reflekter over korleis konteksten dikta kom ut i, kunne skape så ulike haldningar til byen. Sjå dei to videoane under før de diskuterer svaret.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.
Kvifor oppstod modernismen? Ein artikkel om den kulturhistoriske konteksten modernistane skreiv og måla i.