Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les Markens grøde med ulike briller

Knut Hamsun fekk nobelprisen for romanen Markens grøde. Det gav han stor status som forfattar i Noreg. 23 år seinare besøkte han Hitler og blei forakta. No skal du lese romanen med to ulike briller: først historisk-biografisk og sympatisk, deretter kritisk og i etterpåklokskapens lys.
Tekst til videoen

Du kan lese boka med tanke på forfattaren: Kven han er, alt du veit om livet og gjeremåla hans.

Du kan velje dei tekstnære brillene. Då bryr du deg berre om litteraturen som kunst og korleis teksten er konstruert.

Så kan du til dømes velje briller frå andre fagfelt og forstå boka med marxisme, psykoanalyse eller feminisme som ramme.

Det finst sannsynlegvis fleire briller eller lesemåtar i litteraturen si verd enn det finst briller her hos optikaren. Og då kan vi jo spørje om andre lesemåtar eller teoriar er like gyldige? Kan vi altså berre skifte briller etter smak og behag?

Del 1: Kva kan det bety å lese med ulike briller?

Sjå den korte videoen om å lese med ulike briller (over). Diskuter deretter:

  1. Kva kan det bety å lese ein roman sympatisk og bruke historisk-biografisk metode?

  2. Kva kan det bety å lese ein roman kritisk?

Del 2: Vi les Markens grøde sympatisk

Vi skal starte med "sympatisk lesemåte" med historisk-biografiske lesebriller. Det vil seie at vi skal utforske Hamsuns liv for å finne ut kva som kan vere bakgrunnen for at han skreiv Markens grøde.

Ein mann bruker spett for å få opp ein stein. Bak han er ein bondegard. Illustrasjon.

Steg 1. Forventningar

Les utdraget frå Markens grøde under og sjå på bokomslaget til høgre. Utdraget er frå opninga av romanen, medan illustrasjonen er frå ei utgåve av boka som kom ut i 1952. Diskuter deretter i grupper kva inntrykk de får av kva romanen kjem til å handle om.

Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham. Siden fulgte et og annet dyr de svake spor over moer og myrer og gjorde dem tydeligere, og siden igjen begynte en og annen lapp å snuse stien opp og gå den når han skulle fra fjell til fjell og se til sin ren. Slik ble stien til gjennom den store almenning som ingen eiet, det herreløse land.

Steg 2. Reisa til Kaukasus og sivilisasjonskritikk

Kva skjedde i livet til Knut Hamsun før han gav ut Markens grøde? Dette må vi utforske om vi skal lese historisk-biografisk.

Sjå episode 2 av Gudommelig galskap. Du kan anten sjå heile episoden, som handlar om Hamsuns liv frå utgivinga av Sult til utgivinga av Markens grøde, eller du kan sjå frå 26:25 til slutten. Det er denne delen som handlar om bakgrunnen for at Hamsun byrja å skrive sivilisasjonskritiske romanar.

Diskuter desse spørsmåla i grupper etter at de har sett episoden:

  1. Kva inntrykk får de av Knut Hamsun etter å ha sett Guddommelig galskap?

  2. Kvifor blei Knut Hamsun så begeistra for landa i Kaukasus på reisa si?

  3. Kva mislikte Hamsun med Vesten generelt og Amerika spesielt?

  4. Kva blei Hamsuns nye ideal etter han vende tilbake til Noreg frå Kaukasus?

Steg 3. Vi les utdrag frå Markens grøde

Ein gard med skog bak. Låven og stabburet er raudmåla, og huset er okergult med grønt gras på taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal de lese kapittel 1 og 2 i Markens grøde. Vel eitt av alternativa under:

  • Alle i klassen les inni seg. Les i 45 minutt. Det gjer ingenting om de ikkje les like mykje. Det viktigaste er at de får eit inntrykk av livet til Isak og Inger i romanen.

  • Læraren eller fleire elevar les dei to første kapitla høgt.

Arbeid med desse spørsmåla åleine etter at det har lese:

  1. Korleis synest du forholdet mellom menneske og natur blir framstilt i romanen? Grunngi og finn minst eitt sitat som du meiner er relevant i svaret ditt.

  2. Kva eigenskapar har Isak og Inger som blir framheva som ideal, meiner du? Vis med sitat.

  3. Kva eigenskapar har Isak og Inger ikkje? Meiner du desse manglande eigenskapane blir skildra som ein brest i karakteren deira? Grunngi svaret ved å vise til eit sitat.

  4. Samanlikn det du har lese med opplysningane du fekk om Hamsuns reise i Kaukasus. Er det trekk frå Hamsuns biografi her som kan forklare kvifor første del av Markens grøde er som han er? Forklar.

Steg 4. Diskuter i grupper

  1. Samanlikn og diskuter svara dykkar i grupper.

  2. Samanfatt: Kva ideal meiner de Hamsun fremja i romanen? Og kva ønskjer han å fortelje lesaren sin med denne romanen?

  3. Hamsun skreiv Markens grøde i ei stormfull tid. Første verdskrigen herja, og Noreg gjekk gjennom ein kraftig moderniseringsprosess. Kan de forstå Hamsuns idyllisering av ein mann som trekkjer seg tilbake frå sivilisasjonen med dette som bakteppe?

Del 3: Vi les Markens grøde med kritiske briller

No skal vi over til å lese romanen kritisk. I tillegg til det de allereie har lese, skal de lese utdrag frå andre kapittel i boka.

Relatert innhald

Steg 1.

  1. Lytt til podkasten "Kva er greia med Hamsun?" med litteraturforskar Giuliano D'Amico. Diskuter deretter i grupper: Kvifor synest D'Amico at det er så viktig at vi les kritisk?

  2. Diskuter utdraget de nettopp har lese kritisk. De kan til dømes ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

    • Er Isaks tilbaketrekking frå sivilisasjonen verkeleg eit ideal-liv?

    • Er forholdet mellom Isak og Inger eit godt forhold?

    • Korleis prøver Knut Hamsun å overtyde lesarane (de) om at naturen og sjølvberging er framtida heller enn å bu i byen?

Ein samisk familie på 1930-talet. Familiemedlemmane har på samedraktar og sit inne i eit telt. Framfor dei heng ei gryte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 2. Fleire utdrag frå boka

Staute og tause Isak som dyrkar jorda med den sterke kroppen sin kan verke som eit harmlaust ideal. Men fleire passasjar i romanen kan vise at Hamsuns menneskesyn ikkje var heilt harmlaust. Delar av romanen omtaler "lappane" (samar).

Les utdraga frå romanen under og diskuter i grupper:

  1. Kva slags menneskesyn viser desse utdraga?

  2. Er Hamsuns menneskesyn farleg, meiner de? Grunngi svaret.

  3. Kva var fornorskingspolitikken? Kan Hamsuns omtaler av samar (som han kallar "lappar") bli forklart i den konteksten?

Utdrag 1

Sellanraa ligger da øverst opi Almening og bare vokser, vokser i Huser og i Jorde, Menneskene er de samme. Lapperne kommer ikke længer forbi og gjør sig til Herrer paa Nybygget, de er for længe siden ophørt. Lapperne de kommer ikke ofte forbi, de gjør helst en stor Bue utenom Gaarden, men de kommer ialfald ikke ind i Stuen mere, de stanser, ute, hvis de i det hele tat stanser. Lapperne de vanker i Utkanterne, i de Skumle, sæt Lys og Luft paa dem, og de vantrives som Utøi og Makk.

Utdrag 2

Inger forstod ingenting av det og sa: Jaja det maa saa være. Er det ho Oline som har snakket paa det? – Jeg mindes ikke hvem det var, svarte Lappen og kastet sine vikende Øine i alle Retninger. Ingen forundret sig over at han ikke tagg om noget, det gjorde Os-Anders ellers altid, det gjør alle Lapper, de tigger.

Utdrag 3

Inger var som en Vanskapning og et Utyske – naturligvis var det galt, men hun svulmet allikevel. Selv en Lap kan gjøre et Morhjærte glad.

Del 4. Skriv om Markens grøde

Skriv ein tekst på ca. 500–700 ord. Teksten skal innehalde desse momenta:

  • ei innleiing som presenterer romanen

  • eit avsnitt om bakteppet for Markens grøde (reisa til Kaukasus, modernisering og første verdskrigen)

  • eit avsnitt om Markens grøde lest sympatisk med historisk-biografisk metode

  • eit avsnitt om Markens grøde lest kritisk

Del 5: Tilbake til naturen på 2000-talet

Dei siste åra har både dyrking av grønsaker og sjølvberging blitt ein trend. Sjå første episode av Ida og Martin på Nøtholmen på NRK.

Diskuter deretter:

  1. Kvifor trur de tanken om sjølvberging og det å fjerne seg frå sivilisasjonen kan vere eit ideal både på starten av 1900-talet og i dag?

  2. Trur de at de kjem til å gjennomføre vaksenlivet med dyrking, sjølvberging og naturliv? Eller ser de på dykk sjølv som typiske sivilisasjonsmenneske?

Relatert innhald

Som forfattar var Knut Hamsun både modernist, nyromantikar og nyrealist.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket